I
drøftingane omkring samanslåing av Husnes og Holmedal til eitt sokn,
var ein idè at kvar kyrkje kunne ha sitt kyrkjelydsutval.
Kyrkjelydsutvalet vil ha eit særskilt ansvar for si eiga kyrkje. I
utvalet kan det vere 3-4 personar, og det skal ha nær kontakt med
soknerådet.
Nokre av arbeidsoppgåvene som er tiltenkt utvalet er praktiske
friviljuge oppgåver i kyrkja. Til dømes: * Organisera kyrkjekaffi.
* Organisera kring konsertar og liknande tilstellingar i kyrkja.
* Gje praktisk nyttige innspel til soknerådet.
* Stå for kyrkjevertrekruttering.
Soknerådet ynskjer å komme i kontakt med personar som er opptekne av
det som skjer (eller kan skje) i si kyrkje. Dersom du kan tenkje deg
å bli med i eit kyrkjelydsutval, så gje tilbakemelding til Husnes
kyrkjekontor tlf. 53 48 27 40 eller snakk med nokon du kjenner i
soknerådet før neste soknerådsmøte 10. oktober. Du kan og sende ein
mail til
jan.ove.totland@kvinnherad.kommune.no.