Oppdatert/endra
03.10.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

Ei lita soge om Landsleiren på Røros



Bak frå venstre: Per Ølfarnes, Torstein Fykse, Bjørn Ove Rydningen, Sturla Helland og Alexander Løyning.

Framme frå venstre: Kjerstin Teigen, Endre Børve, Eirik Storhaug og Caroline Rydningen.
 

Husnes-speidarane har trena og førebudd seg på landsleir i lengre tid. Dei 6 speidarane frå Husnes-gruppa veit no godt kva landsleir er, men det er ikkje sikkert at du som ikkje er speidar veit så mykje om dette. No skal me lose deg gjennom dette fargerike og underlege som heiter landsleir sett med speidarauger:

For å gå bli med så må du vera speidar og ha teke 3. graden. Det er tre grader som ein som speidar kan ta. Det er ulike krav til naturkjennskap, kjennskap til speidarrørsla, kristendomskunnskap og ulike praktiske øvingar som skal gjennomførast for å kunne motta denne første graden.

Å dra på landsleir innebærer at ein må tidleg opp, pakke mykje pikk pakk for kunna klara seg i naturen i ei veke, og dra saman med speidargruppa for å nå fram. Ein heil tilhengar vart fyllt opp med telt, soveposar, kokekar, myggolje, sokkeskift og så bortetter. I Skånevik venta bussen som førde oss til Røros. Den var allereide halvfull av forventningsfulle Vats-speidarar.

Etter å ha ete mykje iskrem, kome oss gjennom mange tunnelar, sett Vøringsfossen og ein elg ved Elverum, og sove litt på Gjøvik, så kom me fram til Røros. Der møtte det oss eit herleg kaos av 6000 speidarar som er ivrig opptekne med å førebu seg på ei veke i friluft.

Me fekk tildelt leirstad, heldige denne gongen, kort veg til vasspost og toalett. Så var det leirbygging. Ein sentral plass får leirbålet. Der føregår matlaging, varming av kalde kroppar, alvors- og koseprat. Bord og benker skal lagast, ein flott portal må til, oppvaskbenk og kjøkenbenk må på plass. Fettfelle skal gravast. Ei fettfelle er ein utslagsvask med eit nett av sisaltau, med gras over.

Vatnet renn gjennom, medan fett og matrester blir samla opp og blir brent ein gong dagleg. Byggemateriale er lange slanke trestammer, “raier” på speiderspråket, og sisaltau. Av dette blir det dei flottaste og mest spetakulære byggverk. Øks, kniv og gode surringar; “pionering”, er det som skal til. Bruk av spiker er reine falitterklæringa, og blir kun nytta av dei ukyndige.

Så er leirlivet igang. Alle må ta sin tørn med matlaging og oppvask. Vedbering og fyring. Søndagen startar fellesprogrammet med speidargudsteneste, og felles leirbål på kvelden. Leirbål er i denne samanheng ei samling med underholdning, speidarrop og andakt. Ein patrulje på landsleir vil alltid dra på “hike”. Det er ein overnattingstur utan telt og utan vaksne leiarar. Patruljen skal i felleskap finne vegen ved hjelp av kart og kompass, syte for at ingen går seg bort, svelt ihel, frys i hel, eller druknar. Undervegs er det oppgåver som skal løysast, venskapsband som skal knyttast, og kansje ein får ein prat med nokre frå ei utanlandsk patrulje. Det er alltid jubel når patruljen trøtte, men stolte returnerer til leiren, og får kvila ut rundt bålet.

Så er det aktivitetsdag. Leirområdet er fullt av ulike stasjonar, det speidararne kan læra seg nye knutar, primitiv matlaging, klatra i klatrevegg, tenna bål utan fyrstikker, lytta til opplesing av eventyr, folkedans frå Ukraina for å nemne noko. Her er eit mangfald og ein kreativitet som ein skal leite lenge etter.

Neste dag er det Speidarmartnan. Det er som eit kjempetivoli. Kvar speidargruppe lager til ein attraksjon som kan trekke kunder. Husnes laga til ein katapult, og ei kjerre der dei drog folk rundt i området. Prisen var 1 Røros. Det var til tider lang kø... Det var om å gjere å samle inn mange Rørospenger; den spesielle Speidarlandsleirvalutaen som ein kunne få veksle til seg i vekslebuene på området. Inntektene gjekk dette året til speidararbeidet i Ukraina.

Inngangen til Husnesleiren hadde ein flott portal. Eit byggverk som var kombinert flaggstang, klatrestativ, huske, klatretau og utsiktspost. Den tiltrakk seg speidarar frå andre grupper og var ein særs populær stad for å verte kjend med andre. Så var det heller ingen andre grupper som hadde heimelaga propell som svinga rundt i vinden.

Alt har ein ende, også ein landsleir. I bussen heimover blir det mimra litt over kva denne veka gav. Myggstikk som klør, nye vener, leirbål med buktalar og dukke som lærte oss meir om Gud, det stolte augneblikk der ein visste at ein hadde klart hiken, fotballkamp mot ledarane eller kansje nattbadet. Ein gløymer aldri ein landsleir.Det vert eit minne for livet og speiderlova vert levande på ein ny måte når ein har gjennomført ei veke saman med patruljen ute i det fri.
 

FOTO-galleri >>>
 

 

Hit Counter