Oppdatert/endra
27.03.2008



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

Action-fylte dagar i Bø

Ungdommane frå bedehuset på Husnes er i Sommarland når det er pause frå aktivitetane på Action. På biletet ser me: Camilla V. Solberg, Aleksander Bolstad, Gerny Olin Teigen, Torstein Aarthun (kapellan på Husnes ) Stian Gregersen, Per Ølfarnes (minibussjåfør), Beathe Bjørnson (frå Haugesund), Elisabet Totland, Lise Marie Hjelmeland Olsen, Jan-Ove Fagerheim (kyrkjelydssekretær), Sigrid Tjeldflåt, Malene Rusten. Martin Fykse, Tore Jacobsen, Eirik Fykse og Andreas Røssland. Foto: Helge Johan Stautland/KPK.

Siste veka i juni var 17 ungdommar frå Kvinnherad samla på KRIK sin Action-leir i Bø i Telemark. – Det kjekkaste er å treffa så mange folk, seier Elisabet Totland frå Husnes.
Av Helge Johan Stautland

930 deltakarar er i aktivitet frå morgon til kveld under Action-leiren til KRIK (Kristen Idrettskontakt). Onsdagen braut sola gjennom skylaget for fullt etter ein relativt våt start på leiren.
Dei fleste av dei du ser her er engasjert i ungdomsarbeidet på bedehuset på Husnes, seier kyrkjelydssekretær på Husnes, Jan-Ove Fagerheim, til Kristelig Pressekontor (KPK). Det er femte året han har med seg ungdommar til Bø i Telemark.
Me har aldri vore så mange i reisefølgjet som i år. Eg synest dette stemnet er heilt supert. Me blir samansveisa, og trivselen blant dei unge er stor, seier han.

Kano og 59º Bø
Elisabet Totland (15) og Malene Rusten (15) var på Action i fjor òg. Det varierte aktivitetstilbodet er kanskje ein grunn til at dei vender attende. Elisabeth har lært meir om kanopadling under arrangementet, medan Malene lét ein fjernsynssuksess vera avgjerande for hennar val:
Det har òg blitt arrangert noko som heiter 59º Bø. Me vart delt opp i lag, og konseptet var nokså likt 71º Nord slik vi kjenner det frå fjernsynet, forklarer Malene frå Valen.
Jan-Ove Fagerheim fortel at dei andre kvinnheringane har fått nærare opplæring i aktivitetar som sandvolleyball, rollerblades, og både norsk og amerikansk fotball.

Badeland
Action føregår på Bø Camping, berre eit steinkast frå Sommarland i Bø. Å vitja det vidgjetne badelandet er ein sjølvfølgje for gjengen som til vanleg møtest på bedehuset på Husnes.
Eg tok ”magasuget” i går, proklamerer Malene kry.
Tre dagar i Sommarland er inkludert i avgifta deltakarane har betalt for å vera med på Action.
Tysdag regna det, så då fekk me ikkje vore her noko særleg, seier Elisabet.

Action-time
Før årets Action-leir i Bø, støtte arrangørane på eit problem: Sommarland stengde før idrettsaktivitetane var ferdige. Kva gjer ein då? Jau, stiller klokka ein og ein halv time fram!
Dette var ei svært spanande greie, men det har gått kjempegreitt. Me måtte få meir ut av dagen, men visste at det ikkje nytta å be deltakarane stå opp klokka halv sju i staden for åtte. Sjølvsagt har dette òg litt med samhaldet å gjera. Alle som er med på Action er i ei tidssone for seg sjølv, seier leirsjef Trygve Hunemo.
Ein annan positiv effekt av å stilla klokka, er at det blir ro i leiren relativt tidleg.
I går var det stille her då klokka var halv tolv, realtid, seier ein nøgd leirsjef.
Til saman er dei kring 300 leiarar og instruktørar på Action. I tillegg til aktivitetane er deltakarane med på morgon- og kveldsmøte der kristen forkynning og lovsong er i sentrum.
I år er det 930 deltakarar frå heile landet på Action, noko som er ny rekord. Alle i alderen 14-17 år.
Me har ikkje hatt så stor pågang på fleire år. Allereie i mai måtte folk fint skriva seg på venteliste, avsluttar Trygve Hunemo. KPK.

FOTO-galleri >>>

 

Hit Counter