Oppdatert/endra
03.10.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

Opprusting av vegen til
Holmedal gamle kyrkjegard

Våren 2005 tok Holmedal sokneråd opp tanken om å få rusta opp den gamle vegen frå krysset oppe i Holmedal og ned til den gamle kyrkjegarden. I tida etter dette er det gjort nødvendige avtalar.

Det er søkt om løyve frå Kvinnherad kommune og Hordaland fylkeskommune. Vi hadde sist haust synfaring på staden saman med folk frå kulturavdelinga i Hordaland fylke, fylkeskonservatoren og kulturkontoret i Kvinnherad.

Det er no gitt løyve til ei varsam opprusting av vegen. M.a. skal dei våte partia drenerast, vegnivået skal jamnast ut og dei tilgrodde bakkemurane renskast for torv og bli synlege att. Vegen skal etter opprustinga såast igjen, slik at han for ettertida ivaretek sin grøne “karakter”.

Arbeidet med vegen tok til no i vår. Det skal ikkje gjerast noko arbeid inne på sjølve kyrkjegarden, heller ikkje på vegen frå kyrkjegarden og ned til sjøen. Det vil bli sett opp kvilebenk og bord på utsida av kyrkjegardsmuren. Her vil det og bli sett opp ei informasjonstavle.

Dersom alt går etter planane, vil det verta ei markering for “nyopning” av vegen like etter friluftsgudstenesta søndag 16. juli.

for arbeidsgruppa
Soknerådet/Bygdalaget
Arnfinn Ølfarnes

 

Hit Counter