|
1.
Pinsedag på Husnes og i Holmedal
På høgtidsgudstenesta i Husnes kyrkje 1. pinsedag får vi vitjing av
Sysle blandakor. Koret vart grunnlagt i 1908, har 36 medlemar og
øver i Åmot kyrkje. Dei vil framføre Per Steenbergs ”Kirkekantate”
under gudstenesta og også synge til postludium. Koret er på tur i
Kvinnherad og vi set stor pris på at dei vil delta på gudstenesta i
Husnes.
Om ettermiddagen er det høgtidsgudsteneste i Holmedal kyrkje
kl 17.00.
2. Pinsedag på Valen
2. pinsedag inviterar vi til familiegudsteneste i Valen kyrkje.
Spesielt vonar eg på at ein del barn kjem, for eg har tenkt å tale
enkelt til borna. Sjølvsagt er ungdomar og vaksne også velkomne. For
når vi skal ha familiegudstenste, ja, då er det fint å samle heile
storfamilien. Og etter ei kort gudsteneste i Valen kyrkje, tek vi
turen til Handelandsdalen og Feto. Der fyrer vi opp grillen, og alle
tek med seg sjølve det dei treng av grillmat/nistemat og drikke. For
dei som ikkje kan gå så langt, vil vi låse opp bommen slik at dei
kan køyre inn. Vi vonar på godt vêr, men elles går det and å kle seg
etter vêret.
Du blir vel med!
Jan Ove Totland |