|
I boka, og filmen,
"Da Vinci-koden" av Dan Brown er "forskaren" Teabing ein av
hovudpersonane. Han seier at keisar Konstantin samla inn og brant
evangelieskriftene om Jesus som var i omløp kring år 300. Ifylgje
romanen vart fleire av desse funne på 1950-talet, nemleg dei såkalla
Dødehavsrullane. Men Dødehavsrullane, oppdaga i 1947, inneheld ingen
evangelietekstar. Dei vart nemleg skrive før Jesus vart fødd!
Oskar Skarsaune er professor i Oldkyrkja si historie og har nyleg
skrive boka ”Den ukjente Jesus”. På fagleg grunnlag tilbakeviser han
der påstand etter påstand i ”Da Vinci-koden”. Det same gjer han med
boka "Hellig blod, hellig gral", som Brown i stor grad byggjer på.
Påstandane i "Hellig blod, hellig gral" er for lengst avslørt som
oppspinn og fantasi, kokt saman av ein ærgjerrig franskmann, Pierre
Plantard. Han prøvde for 30-40 år sidan å få landsmennene sine til å
tru at han nedstamma frå den gamle frankiske kongsætta,
merovingarane, og at han var rettmessig arving til den franske
trona. Han innrømde svindelen sin på 1980-talet.
Leonardo Da Vinci sitt måleri "Nattverden"
Ingen av dei historiske påstandane i "Da Vinci-koden" vert
ståande som sanne etter desse avsløringane. Det gjeld t.d.
påstandane om at Leonardo Da Vinci var stormeister i Sion-ordenen og
at hans berømte måleri Nattverden viser Maria Magdalena til
venstre for Jesus. Sion-ordenen har aldri eksistert før den vart
oppretta som ein rein papir-organisasjon av Pierre Plantard i 1956.
Det var han som dikta opp heile ordenen si historie før 1956. På
Leonardo sitt bilete er det apostelen Johannes som er avbilda. Dei
feminine trekka var den vanlege måten å avbilde han som svært ung
mann, og finnes på talrike måleri frå denne perioden, ikkje berre
hos Leonardo.

Sigøynarlegende
Sentralt i Browns bok står påstanden om at Jesus gifta seg med
Maria Magdalena, og at dei hadde ei jente som heitte Sara.
Grunnlaget for dette er ei legende frå 1200-talet mellom franske
sigøynarar om at ei egyptisk "sort Sara" ledsaga Maria Magdalena,
Marta og Lasarus då dei angiveleg skal ha kome til Frankrike.
Sigøynarane reagerer med forskrekking når dei vert konfrontert med
Brown sin teori om at denne Sara var Maria og Jesus si dotter, for
ifylgje dei var ho Maria si tenestejente. Det siste er eit reint
fantasiprodukt. Det er for øvrig og legendene om Maria si reise til
Frankrike.
Forfalskning
Hovudforfatteren av "Hellig blod, hellig gral", fotojournalisten
Michael Baigent, vart intervjua i Skavlan sitt program "Først og
sist" i november 2004. Uimotsagt fekk han seie at det i 1891 vart
funne sikker dokumentasjon på at Jesus overlevde krossfestinga, at
han gifta seg med Maria Magdalena og fekk barn med ho, og at slekta
har vorte vidareført til vår tid. Men Baigent har aldri sett dette
dokumentet, det innrømer han sjølv. Og den eineste mannen som hevdar
å ha sett det, Pierre Plantard, hevdar uttrykkeleg at det ikkje
inneheld noko om avstamning frå Jesus. Derimot påstår han at det
viser at han sjølv er av fransk kongeætt. Det er for lengst avslørt
at dokumentet aldri har eksistert nokon annan stad enn i Pierre
Plantard sin fantasi.
Alt er feil
– Oskar Skarsaune, etter å ha studert ”Da Vinci-koden” grundig, vil
du seie at det meste av boka sine historiske påstandar er ukorrekte?
– Eg vil seie det sterkare: Ingenting av det Dan Brown hevdar om
historiske hendingar i oldtida og middelalderen er korrekt.
Ingenting.
Torbjørn
Greipsland, KPK
|