Oppdatert/endra
03.10.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

Trulovingstida er over...

Alle som hadde møtt opp på gudsteneste i Valen kyrkje første sundagen i mars vart høgtideleg ynskt velkomen til bryllaupsfest. Sokneprest Jan Ove Totland nytta dette biletet frå kvardagen for å illustrera det ein denne dagen skulle markera; Dei to sokna i Husnes prestegjeld har frå 1. januar d.å. teke steget fullt ut og blitt eitt sokn; Husnes og Holmedal sokn.

“Måten de her både har førebudd og gjennomført samanslåinga er eit føredøme for sokn andre stadar” sa prost Svein Arne Theodorsen i helsinga si under markeringa. Han la vekt på måten dei to sokne-råda den siste perioden har samarbeidd og hatt felles møter. Slik har ein fått ha ei prøvetid i forkant av saman-slåinga. Sokneråda har og lagt til rette for samtale og innspel frå kyrkjelyden gjennom heile prosessen.

Leiar i Husnes sokneråd den siste perioden, Tormod Sunde, hadde og ei helsing. Her ynskte han det nye soknerådet, med Elisabeth Blokkum i spissen, lykke til.

Avtroppande sokneråds-medlemer vart takka av og fekk kvar si rose. Roser vanka det og på det nye soknerådet då dei vart presentert for kyrkjelyden. Under gudstenesta deltok prost Svein Arne Theodorsen, sokneprest Jan-Ove Totland, kapellan Torstein Aarthun og tidlegare sokneprest Halvor Medhus. Ved orgelet sat tidlegare kantor, Nils Gunnar Røssland.

Etter gudstenesta vart det nye soknet feira med marsipankake, kaffi og brus.

JoF
 

Prost Svein Arne Theodorsen kom med ei helsing under markeringa av at Husnes sokn og Holmedal sokn er slått saman til eitt sokn.

Leiaren for det nye soknerådet, Elisabeth Blokkum,
flankert av dei to avtroppande sokneråds-leiarane
Tormod Sunde (t.v.) og Arnfinn Ølfarnes.

Hit Counter