|
Soknerådet har i meldingsåret vore samansett slik:
Leiar:
Tormod Sunde
Nestleiar:
Kari Medhus
Skrivar:
Marna Gravdal
Medlemmer:
Brit Karin Harkestad, Oddbjørg Kloster, Kjell Sigbjørn Røssland
Kasserar:
Lars Kroka
Revisor:
Kommunerevisjonen for Sunnhordland
Møteaktivitet:
Soknerådsmøta
Det vart halde
6 soknerådsmøte i meldingsåret. Alle desse møta vart haldne som
fellesmøter med Holmedal sokneråd. Sokneråda handsama tilsaman 41
bokførte saker. Dei sakene som har vore mest arbeidskrevjande var
samanslåing av Holmedal og Husnes sokn.
Prostimøtet:
Soknerådet var representert på møtet.
Fellesrådet:
Kari Medhus har vore soknerådet sin representant i
Fellesrådet også dette meldingsåret.
Staben, kontoret:
Dette året har vore prega av stabilitet i presteskapet, og blant dei
andre tilsette.
Gudstenestene:
I samband med ulike gudstenester vart
det servert kyrkjekaffi/anna bevertning og påskefrukost i Valen
kyrkje. Til saman vart det ordna med serveringar 15 gonger. Dette er
eit ressurskrevjande arbeid.
Dei
sitjande sokneråda er samde om å anbefale det nye soknerådet å
delegera dette ansvaret og arbeidet til kyrkjelydslag eller komitear
i kvar kyrkjelyd.
Barne-
og ungdomsarbeid:
I kyrkjelyden er det av friviljuge lag og organisasjonar drive
barnekor, barnelag, speidararbeid og søndagsskule. ”Ope Hus” på
Valen og Husnes IUF og KRIK tek seg av arbeidet blant ungdomane.
Dei ulike laga har ivrige leiarar, som gjer ein stor og viktig
innsats. Dei melder om god oppslutnad.
Soknerådet vil gjerne også på denne måten få retta vår takk til
leiarane for dei nemnde laga / organisasjonane.
Familiearbeid:
Søndagssamlingane som indremisjonslaga i bygdene har felles på
Husnes bedehus held fram
med god oppslutnad. Verdifullt fellesskap mellom dei kristne i
bygdene i prestegjeldet vert bygd
og teke vare på..
SIKVAL:
I meldingsåret har det vore 7
samlingar i Valen kyrkje spesielt tilrettelagt for utviklingshemma.
Vaksne:
Samlingane for pensjonistar i Valen kyrkje, som Helge og Solveig
Myhre starta i 1999,
held fram med samling 1 dag i veka. Om lag 15 deltek kvar gong.
Hausten 2005 vart Kyrkjelydens kvinneforum starta.
Dei hadde ei samling i november
der omlag 40 damer møtte.
Kyrkjelydsbladet:
Som dei fleste merka fekk kyrkjelydsbladet nytt
ansikt til Julenummeret i fjor. Det vart innkjøpt nye dataprogram.
Sokneådet vil takka Redaktøren Jan-Ove Fagerheim for det fine og
grundige arbeidet han gjer også med bladet.
Økonomi:
Soknerådet har hatt ein rimeleg god økonomi også i 2005.
Rekneskapet er ført av Lars Kroka og revedert av
Kommunerevisjonen for Sunnhordland
Vi kom
ut med eit netto driftsresultat på Kr. 33.453,88
Tormod
Sunde
Marna Gravdal
soknerådsleiar
skrivar
|