Oppdatert/endra
03.10.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

Kvinne med glede

 


Torsdag før advent vart kvinneforum arrangert for fyrste gong i Valen kyrkje. Temaet for kvelden var det Marit Elisebet Totland som stod for. Og vi omlag 40 damene som var der fekk oppleve eit engasjerande foredrag.

Marit snakka om det å vere kvinne frå barndomen av, gjennom pubertet og ungdomstid til vaksenliv. Kva som er med på å forma oss til den vi er som kvinner idag. Ho nytta personlege erfaringar og nyare og eldre deler av litteraturen til å ta oss med inn i eit møte med våre eigne kjensler og erfaringar. Gjennom humor og alvor fekk vi ulike tilnærmingar til mellom anna kjærleik og morskap. Totland presenterte òg boka si ”Blåstrømpe” der det å vere jente på slutten av 1800-talet står sentralt.

Stemninga med 40 damer i alle aldrar tilstades var med andre ord svært god, og serveringa var skikkeleg god jentemat; salatar i ulike og spanande variantar.

Som avslutning på kvinneforum var det sang og kveldsbøn i kyrkjerommet. Vi ynskjer at kvinneforum kan bli eit godt fellesskap der mange kan finna seg til rette og få litt påfyll i kvardagen.

Når vi no har sett i gong å arrangere kvinneforum har vi ikkje lagt konkrete planar fram i tid. Då vi har fått mykje gode tilbakemeldingar og vi sjølv syns det vart ein kjekk kveld, håpar vi at vi kan få til eit par samlingar i semesteret framover. Vi vil prøve å få til ein god variasjon i tema som vert teke opp og samtidig bruke høvet til å velge tema vi kvinner er spesielt opptekne av.

HEAa

 

 

Hit Counter