Oppdatert/endra
03.10.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

Halvor Medhus har slutta


Ved nyttår var det fem år sidan Halvor Medhus slutta som sokneprest i Husnes og gjekk over til å gjere vikarprest-teneste i Sunnhordland prosti; fyrst som prostiprest, men seinare fekk han tittelen seniorprest. I denne tida har han gjort teneste i alle prestegjelda i Sunnhordland, men mest i Stord, Fitjar, Etne og prestegjelda i Kvinnherad.

Korleis har du trivest med å farte rundt omkring?
– Det har vore greitt det. Men det kunne vere utfordringar på vinterføret. I starten hadde eg bil med forhjulstrekk og piggfrie dekk. Så skulle eg til Åkra på glatt føre, lånte eg meg ein bil som hadde både firehjulstrekk og piggdekk. Det er forresten ikkje alle som tek nok omsyn til vèr og føreforhold. Ein gong Kari og eg var på veg til Ænes, kom det ein bil og suste forbi oss. Eg sa til Kari at denne bilen finn vi nok igjen i grøftekanten. Og ikkje lenge etterpå nådde vi bilen igjen. Der stod han i grøfta.

Elles så har det vore fint å ha mindre ansvar og ikkje ha anna administrasjon enn å legge planer for eigne arbeids- og friveker. Sidan sommaren 2000 har eg hatt 40% såkalla AFP (avtalefesta pensjon) og 60 % presteteneste. Dette har vore ordna slik at eg har hatt 3 veker på arbeid og 2 veker fri. Men i tillegg har det blitt litt vikarteneste i friveker når eg har fått spørsmål om det. Det har også blitt ein del gravferder og vigslar der vener har bedt meg om å forette. Eg har også fått vore med på Alpha-kurs i Husnes, eit positivt tiltak. Særleg var det fint med weekend på Helgatun.

Då Halvor saman med familien sin, kom til prestebustaden på Sunde i 1972, var det ikkje til ein ukjend plass han kom. Faren hadde vore prest i Rosendal, og Halvor kom dit som 14-åring. Han gjekk både på framhaldskule og realskule i Rosendal. Likevel var det eit nytt samfunn han kom til i 1972, for mykje hadde skjedd på Husnes etter industrireisinga på 1960-talet. Det var eit noko ustabilt samfunn og mange innflyttarar. Det vart også svært mange konfirmantar, ei stund over 120.

Så det er ikkje vanskeleg å forstå at det var ei krevjande stilling. Nokre ungdomsskule-lærarar vart leigde inn for å hjelpe til med konfirmantundervisninga, og det var ei god hjelp. Elles understrekar Halvor at han hadde god hjelp av klokkaren i Husnes, Trygve Teigen, og Margot Hodne som var kyrkjelydssekretær i halv stilling. Fyrst i 1980 fekk Halvor kontorhjelp. Det starta med to timar i veka, men vart auka etter kvart, heile tida med Norunn Tveit i stillinga. Og då Arne Lindekleiv tok til som kateket i 1984 (stillinga vart omgjort til kapellanstilling i 1997), vart det lettare å vere prest i Husnes prestegjeld. Halvor hadde også eit nært samarbeid med kantor Nils Gunnar Røssland, som fylgde han trufast gjennom heile hans prestetid i Husnes.

Fram til 1990 var prestekontoret i sokkeletasjen i prestebustaden på Sunde. Det kunne vere ei utfordring å ha arbeidsplassen i same huset som ungane hadde sin tumleplass. Ein episode frå då Bjarnar var 4-5 år viser det.

– Eg hadde gøymt alle nøklane i safen (eigentleg eit brannsikkert arkivrom) så ikkje Bjarnar skulle låse døra. Men ein dag gjekk guten inn i safen og låste etter seg på innsida. Korleis skulle vi få han ut når nøklane låg innelåste? Heldigvis var der ventil i rommet så guten fekk nok luft. Vi fekk hjelp frå ein mann ved skipsbyggeriet som skar hol i døra med vinkelslipar. Men guten hadde det bra, han. Han låg og sov, og vakna ikkje eingong av vinkelsliparen.

Du har ei lang presteteneste bak deg. Kva har vore viktig for deg å formidle?
– Eg prøver å formidle tekstane så folk kan lytte til dei med ei viss interesse. Eg har også sett det som viktig å besøkje sjuke og gamle. Så det har blitt ein del besøk kring i heimane, men no er det fleire som bur på Husnestunet.

Frå nyttår er du pensjonist. Kva skal du bruke tida til då?
– Eg har hus og hage som treng vedlikehald. Nett no har regnvêret gjort skade på grusen framfor huset. Det må eg finne ei løysing på. Elles er eg formann i Kvinnherad Sogelag, med i Husnes Mannskor og Rotary-klubben. Eg likar også å stikke innom kafeèn på Torghuset og prate med dei andre karane der. Eg har reist ein god del dei siste åra. Til sommaren planlegg Kari og eg ein tur til New Foundland der det er spor etter viking-tufter som det skal bli interessant å sjå.

Du har sagt ja til å ha guds-tenste i Husnes siste helga i januar når begge prestane er på konfirmant-weekend. Tenkjer du at du vil ta einskilde vikaroppdrag også vidare?
– Ja, det kan vere greitt det når det er trong for det og eg er heime.

JOAT
 

 

Hit Counter