Oppdatert/endra
03.10.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

Inspirerande dagar på Husnes

17.-19. juni var indremisjonsfolk frå Sunnhordland, Hardangar og Voss samla til krinsårsmøte i Indremisjonssamskipnaden. Dette året var det Husnes som var vertskap for denne årlege storsamlinga.

Startskot i Kulturhuset
Smykker frå bedehuset – song og tonar i ein sommarkveld” hadde ein kalla arrangementet som vart startskotet for ei hektisk, men inspirerande helg. Gjennom eit allsidig program, og ulike aktørar, sette ein fokus på den flotte songskatten som har vokse fram i bedehus og kyrkje opp gjennom tidene. ”La oss denne kvelden grave, ikkje i ei bortgøymt skattekiste, men i den daglege toalettmappa vår”, var oppmodinga konferansiér Harald Myklebust kom med heilt i starten av samlinga. Og med seg på gravinga fekk han både ”Kor i Kvinnherad”, Tore Kloster, Conlaudo frå Odda, Conlaudo-kvartetten, Bedehusgruppa Brattvåg og Knut Inge Røen.

Barnas Sommarfest
Medan dei ca 130 utsendingane tok for seg ulike årsmøtesaker i Husneshallen laurdag formiddag, samlast borna til Barnas Sommarfest. Bra oppslutnad om  dette barneopplegget gjorde sitt til at det var mange unge familiar med på årsmøtet. Dette gjev håp for framtida.

Etter ei fellessamling i Undarheim barnehage drog dei eldste borna ut på kanotur. 1.-4. klassingane gjekk tur i skogen med leikar og grilling av pinnebrød. Dei yngste vart att og leika i barnehagen. Om ettermiddagen kunne alle som hadde lyst vera med og synge i eit stort barnekor saman med Bjarte Leithaug. Då øvinga var over og Familiekonserten kunne ta til, sat det mange stolte foreldre og besteforeldre i kinosalen og fryda seg over det gul-orange koret. Om kvelden var det stormøte i Husneshallen og ungdomstreff på bedehuset.

Søndag er sjølve stemnedagen
Søndag formiddag var det festmøte i Husneshallen der éin av hovudtalarane under årsmøtet, Yngvar Woxmyhr, tala til ein nesten fullsett idrettshall. Mange gav uttrykk for at dei i løpet av helga hadde fått mykje, både gjennom song og tale, og at dei var blitt inspirerte til å drive indremisjonsarbeidet vidare på heimstaden sin.

På avslutningsmøtet om ettermiddagen vart det m.a. delt ut heile åtte medaljar frå Det Kgl. Selskap for Norges Vel til arbeidarar med meir enn 30 års fartstid i Samskipnaden. Den eldste av desse, Alfred Hamre frå Granvin, fekk medaljen for 50 år med same arbeidsgjevar.

Neste år samlast indremisjonsfolket til storsamling på Stord.

JoF

Bileter frå helga:
Trykk på bilete for større versjon.

"Kor i Kvinnherad" Konferansier: Harald Myklebust dirigerte prosjektkoret frå Kvinnherad Tore Kloster Conlaudo frå Odda
Conlaudo-kvartetten Bedehusgruppa Brattvåg Knut Inge Røen I overkant av 40 born på Barnas Sommarfest i barnehagen.
Medan dei eldste var ute i kano grilla 1.-4. kl pinnebrød i skogen. Dei yngste kosa seg i barnehagen. Etter middag var det klart for øving til Familiekonsert. Mykje folk møtte fram i kinosalen for å høyre Bjarte Leithaug og det gul-orange barnekoret.
Folk frå salen vart med på dramatisering. Songgleda
var på topp
Gilje Ungdomskor var og med på årsmøtet Her frå Ungdomstreffet på bedehuset.
Mykje folk samla til stormøte i Husneshallen. Fellesmusikken gledde oss med songen sin. Barnesamling parallelt med stormøtet Utdeling av medaljar frå medaljar frå Det Kgl. Selskap for Norges Vel

 

Hit Counter