|
|
|
| |||||||||||||||||
|
"Guds
kyrkje lysa skulle, |
|||
|
|
|||
|
Trass i den litt tunge skodda som låg nedover fjella om morgonen, talde
kyrkjelyden vel tretti fjellvandrarar. Regnet heldt seg borte, men det bles
nokså godt på toppane. Den kalde vinden gjorde at fjellgudstenesta vart
halden inne i det flotte Vardhaugselet. Det er ei gåte kva tid grunnmuren til Vardhaugselet vart lagt, men ein reknar med at selet vart reist mellom 1850 og 1870. Ein veit heller ikkje kven som bygde det, eller kvifor det vart bygd akkurat her. Byggverket som ein gong stod oppå muren har vore borte i nærare hundre år, men murane har stått der og gitt livd for vinden for mang ein turvandrar. Våren 2002 sette ein dugnadsgjeng i gang med å restaurera selet. Dei har all grunn til å vera stolte over den måten dei har teke vare på dette kulturminnet 644 m o.h. Sokneprest Jan Ove Totland innleia gudstenesta med å seia at sidan det var tredje gongen ein samlast til gudsteneste på dette viset, måtte ein kunna kalla det ein tradisjon. Deretter introduserte han dagens "organist", Egil Vaage, som spela preludium på munnharpe, samt mandolin til salmesongen. Preiketeksten var henta frå Salme 8, der salmisten undrar seg over skaparverket og alt det flotte han kunne sjå rundt seg. På veg heimover tok underteikna turen om Nordefjell der ein kan sjå utover store deler av Sunnhordland. I møte med dette storslagne var det ikkje vanskeleg å seie seg enig med salmisten: "Når eg ser alt dette; Kva er då eit menneske?" JoF |
|||
![]() |
Egil Vaage spela både munnharpe og mandolin. |
![]() |
Finn Åge Teigen og andre baud på varm kaffi og lappar både før og etter gudstenesta. |