Oppdatert/endra
03.10.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

"Kor i Kvinnherad" syng under Indremisjonen si storsamling på Husnes



Under Indremisjonssamskipnaden sitt Årsmøte kan du m.a. få høyra "Kor i Kvinnherad".


Til sommaren skal Husnes vera vertskap for Indremisjonssamskipnaden sitt Årsmøte, som vert rekna som indremisjonen si årlege storsamling. Helga 17.-19. juni vert det ulike tilstellingar både i Kulturhuset, i Husneshallen og på Husnes bedehus. På nokre av desse samlingane vil du kunna høyre eit heilt nystarta kor, "Kor i Kvinnherad".

"Kor i Kvinnherad" er eit prosjekt-kor, som er tromma saman spesielt med tanke på Årsmøte-helga på Husnes. Koret har vore samla til øving og sosialt samvær to laurdagar i vår. Litt av tanken med eit slikt kor er å få med personar som ynskjer å synge i kor, men som ikkje føler at tida strekk til. Det er ikkje like lett for alle å binde seg til øvingar kvar veke eller kvar fjortande dag gjennom heile året. Her kan ein sette av to laurdagar og ei helg, og på den måten få oppleva gleda ved å syngje ilag.

Ja, for det ser ut til at songarane i det nye koret trivest. Sjølv om øvinga varer i 5 timar, og vårsola utanfor kyrkja på Valen lokkar ein ut til andre aktivitetar, er det ein munter gjeng me møter. Ein god pause med pizza og saft er med og skjerper konsentrasjonen.

Koret har skaffa ein inspirerande dirigent. Ja, heilt frå Bergen har Harald Myklebust teke turen for å instruere songarane. Men så får han jo samstundes høve til å vera saman med borneborna sine i Rosendal.
Dottera, Tone Synneve Hellesøy, er med som pianist for koret. Samspelet mellom far og dotter er det
ingenting å seie på.

"Kor i Kvinnherad", som tél mellom førti og femti songarar, får du m.a. høyra dersom du tek turen i Kulturhuset Husnes fredag 17. juni kl 21.00. "Smykker frå bedehuset. Song og tonar i ein sommarkveld" vert samlinga kalla. Koret vil m.a. synge songar frå Haldis Reigstad og Harald Myklebust sin kantate "Livet med Jesus".
Det vert og song av Tore Kloster, Bedehusgruppa Brattvåg, Knut Inge Røen og Conlaudo frå Odda.

 


Hit Counter