|
Då Luther harselerte som verst mot Pavekyrkja på 1500-talet, var det mangt
eit gateteater å sjå. Slik sett
er husneskonfirmantane si musikalframstilling av Luthers vesle katekisme i
tråd med europeiske tradisjonar,
og i Pauli ånd. For ånda gjer levande, medan bokstaven slår i hel.
Det har konfirmantar alltid visst, og det har vel vore så som så med kva som
glei inn av katekisme-lærdommen i seine ettermiddagstimar. Dette har kyrkja
i Husnes prestegjeld teke ad notam, og i år som i fjor, og åra før det
igjen, har ein keisam overhøyringssundag i kyrkja blitt bytta ut med
musikalen Ein ledetråd for livet, i Kulturhuset.
Og salen var bra full, av familie, søsken og skulevener. I raude genserar,
med krossar i folie på brystet, stod konfirmantane opplina på scenen, vel 60
i talet. Med eigne musikarar og for det meste godt innlærte replikkar gjekk
musikalen feiande flott den halvtimen programmet varte.
Scenelys og biletspel i bakgrunnen fekk det heile til å ta seg ut. Den store
tynne katekismen og den svære bibelboka var enkle verkemiddel. Bilete av
jordkloden og menneske frå fem verdsdelar fekk oss til å tenkja på det
globale fellesskapet kyrkja er ein del av. Det virka som om konfirmantane
koste seg, her var det lite sceneskrekk, berre ein del fnising innimellom,
for i rette fnisealderen er det nok å kasta eit blikk på kvarandre, så er
det i gang.
Konfirmantane Lars Robin Kaldestad på slagverk, Sindre Grønningen på elgitar
og Kristine Rørdal Sjo på piano fekk hjelp av tjueåringen Agnar Lauritzen på
bass, og musikarane gjorde ein glitrande jobb.
Nede på første rad sat sokneprest Totland som sufflør, medan kapellan
Aarthun var medspelar på scenen. Regien for oppsetjinga har Karen Kloster
stått for. Sjølv om dette ikkje er stor scenekunst, har dei på relativt kort
tid greidd å få til ei fin oppsetjing, der konfirmantane ytte sitt beste.
Magne Fitjar (tekst og
foto)
|