Oppdatert/endra
03.10.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

Kor i Kvinnherad

 

 

 



Harald Myklebust blir med og dirigerer Kor i Kvinnherad

Er du ein av dei mange som ynskjer å synge i kor - men så er det litt vanskeleg for deg å vera med på noko fast, t.d. kvar veke eller annakvar veke? Då må du lesa vidare her!

Til sommaren (17.-19. juni) skal Indremisjonssamskipnaden sitt krinsårsmøte vera på Husnes. I samband med dette prøver me å få til eit "prosjektkor" med folk frå heile kommunen. Både unge og vaksne kan vera med og synge i dette koret.

Me har vore så heldige å få med oss Harald Myklebust (bilete) til dette kor-prosjektet. Han er til dagleg lektor ved NLA sin Lærarhøgskule i Bergen. Tidlegare har han vore musikklærar ved fleire folkehøgskular. I 1983 var han med og starta musikklinja ved Bibelskulen Bildøy. Same året var han initiativtakar til at koret Divisi vart starta, og han dirigerte koret over ein periode på 10 år (1983-1993).

Repertoaret til Kor i Kvinnherad vil ligge på eit nivå som skulle passe dei fleste.
Óg for dykk som til vanleg ikkje syng i kor!

Me har vore så heldige å få Tone Synneve Hellesøy som pianist for koret!

Det skal litt øving til for å få songane til å sitje slik dei skal, men i tillegg til å øve inn songar til årsmøtet vil me og leggje vekt på det sosiale når me møtes. Det skal vera kjekt å synge i Kor i Kvinnherad. Og dersom dette blir vellykka, ja, så kan det jo tenkjast at me kan gjere dette til ein årleg happening.......?

Aktuelle datoar:

Øving laurdag 2. april og laurdag 23. april.
(På siste øvingsdag avgjer me om det kan vera ein idé
med ein oppfrisknings-laurdag t.d. 28. mai.)

PS! Det er fullt mogeleg å vera med i koret sjølv om det skulle vise seg
at du ikkje har høve til å vera med alle desse dagane!

 

 

Dersom du ynskjer å vera med, tek du kontakt med...

Arne Lindekleiv
Kontor: 53 48 32 93    -    Privat: 53 47 15 51

Jan-Ove Fagerheim
Kontor: 53 48 27 45    -    Privat: 53 48 94 13

 

OPP


Hit Counter