Oppdatert/endra
03.10.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

Konfirmant-weekend 2005!


 
For fjerde år på rad reiste konfirmantane i Husnes prestegjeld på konfirmant-weekend til Brandøy,
ein leirstad på Bjoa i Ølen kommune.
Me fekk ei flott helg saman.
Til våren er det 67 ungdomar som skal konfirmera seg i kyrkja. Av desse var 51 stykker med på turen i helga. Me reiste frå Sunde fredag ettermidddag, køyrde over Halsnøy og tok ferje frå Sydnes til Utbjoa. Det var ein spent gjeng med konfirmantar som sette seg for å eta kveldsmat då me kom fram. Korleis kom denne helga til å verta...?

Me som var leiarar på leiren oppdaga fort at det også dette året er ein kjempepositiv og kreativ gjeng med konfirmantar me har. Den positive tonen fekk fritt spelerom heile helga.

I tillegg til at me hadde mykje sosialt på programmet, hadde sokneprest Jan Ove Totland på laurdag føremiddag ei undervisnings-økt som var kalla "Frå krubba til krossen". Like etterpå starta arbeidet med konfirmant-musikalen "Ein ledetråd for livet" som i år skal framførast i Kulturhuset på Husnes søndag 10. april. Me fekk fordelt dei ulike rollene og øvd ein del på songane og føler me ligg godt an så langt.

Etter eit godt måltid taco på laurdagskvelden var det klart for den store "Borte alene-festen", der både konfirmantar og leiarar bidrog med leikar, konkurransar og sketsjar. Både konfirmantar og leiarar fekk seg nokre overraskingar i løpet av kvelden. Per Ølfarnes og Jan Hellås gav oss m.a. ein flott versjon av Tuppen og Lillemor.

Weekenden vart avslutta søndag formiddag med ei gudsteneste som konfirmantane førebudde sjølv. Like etter frokost hadde ein "gudstenesteverkstad" der ulike grupper jobba med sin del av gudstenesta; nokre pynta, andre laga forbøner og preik. Det vart og jobba med songen og musikken. Etter gudstenesta var det berre middag og heimreise som stod att på programmet.

Nokre bilete frå Konfirmantweekend:                            Klikk på bileta for større versjon!


Hit Counter