Fyrste torsdag i oktober fyltes Valen
kyrkje opp med muntre kvinner. Over 70 denne kvelden. Kyrkjelydens
kvinneforum hadde invitert til ein kveld der humor i kvardagen var tema.
Kvinner i alle aldre og fasongar og med og utan hatt var invitert. Og
aldri har vel kyrkja i Valen sett fleire damer med hatt. Her var leita
fram hattar, gamle og nye hattar, tenkt til ulik bruk. Alt frå den
lurvete gamle solhatten til kyrkjehatten etter bestemor. Det var eit
fantastisk syn
!
Innhenta kåsør for kvelden, kyrkjelydssekretær Oddbjørg Heimark, stilte
for anledningen med raud hatteøskja og ein nydeleg svartbremma hatt, som
riktignok var litt vanskeleg å få til å sitja fast på hovudet. Oddbjørg
Heimark tok oss med til hennar heimlege trakter. Her fekk me m.a. høyra
historiar frå ein oppvekst der humoren var sentral . Dei to vitsane ho
kunne fekk me og høyra. ( skrivaren har diverre alt gløymt dei!!)
Kvinneforum hadde bestilt fiskesuppe til 50 og her kom over 70. Men med
song om velsigning for maten og ved å spe på med ekstra buljong vart det
nok til alle og litt til overs!! Suppa glei ned og praten gjekk livleg
rundt borda. Her kom mange gode forteljingar og tankar om hatt. Låtten
sat laust.
Ei kjensla av fellesskap er sterk og når me vandrar frå matøkt over til
kyrkjesalen. Dei einaste lydane no er gode tonar frå pianoet. I
kyrkjesalen er einaste belysning dei tende alterljosa og ljosa i
ljosgloben. Me tenner ljos, me syng salmar saman. Dikt og kveldsbøn vert
lese. Til tonane frå Velsigninga frå ”missa caritatis” sunge av Bodil
Arnesen av seier me takk for i kveld