|
Laurdag 28. november kl 18.00 kjem
gospelkoret ”Voice of joy” frå Haugalandet til Valen kyrkje for å gle
oss med ein julekonsert!
Koret er eit av dei mest aktive kora i Norge. Med turnear over heile
landet, og i tillegg ei rekkje turnear i utlandet, så er dette verrkeleg
eit av toppkora i Norge.
Berre det siste året har koret opptrådd saman med artistar som Andrea
Crouch, David Phelps, Bill Gaither, Frank Ådal,Hanne Krogh, og i tillegg
ein trevekers turne i USA. Koret har gitt ut ein jule-CD. Denne er no
ute i butikkane og det første opplaget på 4000 er utselt, og nytt opplag
er produsert! Dirigent Petter Losnegård kan fortelje at dei får
fantastisk gode tilbakemeldingar på CD-en, og dei gler seg til å starte
på julekonsertane!
Dei kan og sjå tilbake på fleire andre CD- produksjonar med høg
kvalitet!
Det som blir presentert på julekonserten i Valen, kan best beskrivast
som dei tradisjonelle norske julesongane, kombinert med nyare
amerikanske julesongar. Både jule CD-en og konsertane har eit rolig,
stemningsfullt, akustisk preg som gir varme, og den gode julekjensla no
inn mot jul!
Det vil verte høve til å kjøpe CD-ar i pausen eller etter konserten.
Billettsalet startar 1,5 time før konserten!
Vonar mange vil nytte høvet til å få med denne opplevinga i adventstida!
M.L. |