Oppdatert/endra
18.09.2009



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

NYTT
Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside    
 


Sprell levande gudsteneste!         

Søndag 13. september var det Familiegudsteneste i Husnes kyrkje med utdeling av bøker til
4-åringane. Denne søndagen hadde og Husnes søndagsskule lagt oppstarten av haustsemesteret
til kyrkja. Leiarane for søndagsskulen fekk vise alle dei frammøtte litt av korleis ein kan ha det på søndagsskulen.
 


Etter inngangssalme og dåp fekk søndagsskulen sleppa til i gudstenesta. Søndagsskulen sitt opplegg starta med litt song og "Dagens sprell". "Dagens sprell" er ein leik eller aktivitet ein har i starten av søndagsskule-samlingane, forklarte Britt Huse som leia søndagsskulen si avdeling. Denne søndagen fekk 20 born vera med på ein leik der det var om å gjera å kaste erteposar oppi ei bøtte.

Like etter var det nokon som bråka og ropa ved inngangs-døra ute i våpenhuset. Det viste seg å vera Vimse-Lur, ein karakter som av og til dukker opp på søndagsskule-samlingane på Husnes bedehus. På ein morsom måte fekk ein sette fokus på og introdusert dagens Bibel-forteljing. Vimse-Lur skulle reisa til Danmark og oppleva både Løveparken og Legoland. Han hadde spart i mange år, og nå hadde han 10.000,- kr. Ungane fekk vera med og telja, og då viste det seg at det mangla ein tusenlapp. Heldigvis fann dei tusenlappen igjen, og Vimse-Lur kunne glad og nøgd reisa heim og bestille turen på internett.

Britt fortalde forteljinga frå Bibelen om ei dame som hadde spart 10 sølvmyntar. Plutseleg oppdaga ho at den eine mynten var borte. Ho leita og leita heilt til ho fann han igjen, og då vart ho kjempeglad. Forteljinga avsluttar som dette: "På same måten, seier eg dykk, vert det glede mellom Guds englar over éin syndar som vender om."

Som avslutning inviterte Britt alle som vil, med på bedehuset førstkomande søndag. Då skal det vera bursdagsfest for søndagsskulen. Søndagsskulen er nemleg 120 år i år. Dette vart feira stort med fest både i Tusenfryd og Kongeparken første helga i september. Nå vil dei og ha ei feiring her på Husnes.

Så var det endeleg 4-åringane sin tur. Stolte kom dei fram og tok imot boka som er ei gåve frå kyrkjelyden.

JoF

Her kan du sjå nokre bilete frå gudstenesta:

 

   
   
   

 

 

Hit Counter