Oppdatert/endra
03.10.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

Ny messehakel i Holmedal kyrkje
 

Med til prestedrakten høyrer i visse høve også messehakelen. Denne vert brukt ved altarteneste på festdagar, og når det er nattverd. I motsetnad til stolaene i dei ulike fargane, som prestane har til si private prestedrakt, er messehakelen ikkje noko den einskilde prest eig privat, men noko som høyrer til kvar kyrkje. I utgangspunktet skal det vere messehaklar i alle dei liturgiske fargane i kvar kyrkje. Så er ikkje alltid tilfelle, og ein har m.a. sakna ein grøn messehakel i Holmedal. No er den komen, og i haust vart denne tatt i bruk.

Det er eit flott klede, med symbol på begge sider; Framme ser ein det såkalla "Kristusmonogrammet". Dette er sett saman av X og P som er dei to fyrste bokstavane i Kristus på gresk. På baksida har vi druer og aks, som skal minna oss om nattverden og den gåva vi får del i når vi får knela ved Herrens bord.

Sokneprest Jan Ove Totland syntes det var flott å få ein ny messehakel, og han fekk og gode tilbake-meldingar frå kyrkjelyden.

Torstein Aarthun

 


Hit Counter