Den årvisse festen i Kaldestad ungdomsforening er halden, med snittar og
kringler og lefser. Og ord til ettertanke. Ungdomsforeininga på Kaldestad
på Husnes er nok den i landet med høgast gjennomsnittsalder, men enno ei
av dei sprekaste.
- Da e for høgt for
meg, du må leggja an ned! Tordis Kaldestad står
oppe ved talarstolen, Frode Kaldestad sit ved pianoet. I kveld skal ho til
å syngja åleine, for søstera, Unni Belt, er så ”gruggjen i målet”. Men så
går ho fram, ho òg: - Eg kan nå vera med!
Så blir det song frå Sangboken, Et ungdomsliv er
skjønt som morgenrøden. Etterpå les Unni frå Vårvarme vinder,
dikt av Haldis Reigstad.
Sjuogfemti år
Møteleiar og leiar av Kaldestad ungdomsforening av hevd og sedvane er
Lillian Kaldestad, i år som i fjor: - Te våren så
e da sjuogfemti år, og for da me budde på galna sio tå Hardangerfjorden så
høyre me te Haugaland krets, men i dag e me veldig begeistra for det! ivrar
ho og nikkar til kretsleiar Marit Bratthole, som er komen frå Karmøy for å
halda talen. Sidan Rune ikkje kunne koma. Rune Engedal har arbeidd i
KFUK/KFUM fram til no, i åra etter at han var kapellan i Husnes prestegjeld.
Kaldestad ungdomsforening er med i denne organisasjonen.
Stramare regi
I fjor las Lilly opp frå møteprotokollane, og då kan ho halda på ei stund.
Men i år er regien stramare, har ho fått tesnakk? Det er god stemning kring
borda, men programmet skal gå sin gang: - Ja no
må kje de snakka så møkje! Langs veggen sit
kvithåra damer med smykke på kjolen, har dei overlevd mennene, alle saman?
Ein del, men mange av mennene sit heime, dei vil visst ikkje vera med på
denne frivole festen. Kanskje det er noko som må gjerast nedi naustet?
Beden på fest
Så får heller konene kosa seg med prestane. Her er dei nemleg tre i talet:
Aarthun, Medhus og Totland er inviterte, for til det knøttlitle bedehuset på
Kaldestad blir du beden når dei 11 foreiningsdamene har sin årlege fest. No
går dei på rekkje og rad mellom sal og kjøkken, med kaffikanner og fat med
snittar og kringler og lefser. Snart kronar røykjelaks og eggerøre langborda
som små gullberg, og ivrige hender forsyner seg medan praten går.
Else Marie Røsseland,
opphaveleg bergensjente, sit nedpå etter å ha servert og fortel at dei er 8
no i kveld. Av foreiningsdamene er berre to under 80.
- Vi har begynt å trekke på årene, vett du!
Midlar til Sudan
Men alderen hindrar ikkje desse damene i å gjera ein innsats i den
internasjonale bøneveka til organisasjonen. Kollektkorgene går runt borda, i
år er det Yambio KFUK i Sudan som skal få midlane. Der skal dei bruka
pengane til kvinnegrupper som skal produsera såpe og handarbeid for den
lokale marknaden, og til ungdomsgrupper, innsamling av song- og
dansetradisjonar, til hygieneopplæring og informasjon om hiv og aids. Sudan
er det største landet i Afrika og har hatt borgarkrig i 20 år, opplyser
Marit Bratthole, og held fram med å fortelja om då ho sjølv stod overfor eit
vegskilje i livet. Tema for veka er ”Skap forandring”, og teksten er ganske
ukjend, om døtrene til Selofhad, 4. Mosebok.
- Da e nåken så lure
på desse figurane, men da e halvfabrikata foreløpig! Lillian peikar på snora
med tøydokker, det er eit arbeid ungdomsklubben har i gang. Altså dei litt
under åtti.
- Ville visst
sei nåke?
- Me tenkte da kunde dekorera festen, men di
va veldig redde for atta me kunde stikka av med tingjo elle øydeleggja dei!
- Totland, du ville visst sei nåke?
Soknepresten protesterer, han vart verkeleg beden av
Lilly om å seia nokre ord til slutt. Det gjer han med glede. Og dama frå
Karmøy seier at no reiser ho tilbake med ”stjerner i øynene”, slik Rune pla
koma heim att. For no har ho vore på Kaldestad,
hos Lilly.
Magne Fitjar