Oppdatert/endra
03.10.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

Konsert for adelsfolk


Om lag tretti personar hadde funne vegen til Husnes kyrkje torsdag 28. oktober. Der fekk dei oppleva pianisten Rune Alver, som med innleving og personleg uttrykk formidla Bachs Goldbergvariasjonar. Men denne konserten var ikkje berre for øyra, den var òg for auga.

Medan musikken veksla frå det sterke til det meir mediative uttrykket, openberra det seg bibelsk biletkunst på filmlerretet. Publikum fekk sjå kunstverk frå barokk og renessanse av kjende kunstnarar som Leonardo da Vinci, Andrea Pozzos og Caravaggio. Skapinga, syndefallet, Jesus-barnet, den bortkomne sonen, nattverden og Jesu krossfesting var mellom motiva som følgde det musikalske.

Bachs Goldbergvariasjonar var skrivne som «nattleg underhaldning» for ein eksentrisk og svevnlaus adelsmann. Og me som var i kyrkja fekk underhaldning som om me skulle vore adelsmenn og adelskvinner. Det skulle berre vore fleire som fekk med seg denne totalopplevinga for auge og øyre.

Ole A. Helland

 

Pianisten Rune Alvær
 

Giovanni Gaullis bilete, «Jesu namns herlighet» var mellom biletkunsten ein fekk sjå på filmlerretet under konserten i Husnes kyrkje.

 


Hit Counter