|
|
|
| ||||||||
Barnekunst
|
![]() |
|
På Utåker har dei
søndagsskule midt i veka, difor kallar dei det kvardagsskule. Annakvar
tirsdag møtes 10-12 barn på bedehuset til bibelforteljingar, song og
aktivitetar. Og så har dei gratis utlodding kvar gong. På samlingane står
det og ei firkanta pengebøsse framme. Denne hausten er det barn på ein barneheim i Russland som er misjonsprosjektet til kvardagsskulen, fortel kvardagsskulelærarane Jorun Frøyland og Olaug S. Fagerheim. For å samle inn mest mogeleg pengar til prosjektet inviterte dei tirsdag i denne veka heile bygda på basar, kafé og salgsmesse på bedehuset. Etter dukketeater og song av barna i kvardagsskulen var det klart for informasjon om misjonsprosjektet. Først såg me video frå Russland, før Marta Kroka og Magnhild Alfarnes fortalde om forholda til barna i Russland. Dei har begge vore og besøkt barneheimen det vert samla inn pengar til. Alle dei om lag førti frammøtte fekk vera med inn i ei verd som er nokså fjern frå vår kvardag. Så var det salg av lodd, mat og barnekunst. Barna på kvardagsskulen hadde laga mykje fint som dei selde til inntekt for barna i Russland. Stolte kom dei bort og kjøpte sin eigen kunst. Nokre maleri og skrin vart solgt til minst like stolte besteforeldre. Kvelden vart avslutta med trekking av kakelotteriet. Nesten 6000 kroner greidde barna på kvardagsskulen å samla inn denne kvelden. Kvardagsskulen ynskjer å takka alle som var med og støtta misjonsprosjektet. Jan-Ove Fagerheim
|
|
|
Song av barna på kvardagsskulen. |
![]()
Mykje folk hadde møtt fram på bedehuset |
![]() Marta Kroka fortalde frå barneheimen i Russland. |