"En skulle vøri fire år i romjul’n..." syng vi ved
juletider. På søndag var det mykje song på Husnes bedehus, sjølv om
det ikkje er desember. Og så var det om å gjera å vera 5 år!
Kvifor det? Jo, i barnegospel-koret Svush er det 5 års grense for å bli
med.
Ein raud tråd
Svush baud på herleg barnesang. Dans- og dramagruppa Shalom viste
lovsangsdans, og Maria Kjærland tolka "Fader vår" på ein
gripande måte. Og midt oppe i det heile, som ein raud tråd, fortalde
Jan-Ove Fagerheim om det usynlege, det som er her, som vi veit, men som vi
ikkje kan sjå. Så vart mysteriet forklart gjennom trylling, drama,
musikk og ei nesten levande dukke. Dukka, som heitte Line, var egentleg
styrt av Olaug Fagerheim si hand og stemme, det var ho som gav liv til
dukka.
Godt fellesskap
Så etter ei tid var Jesus, som ikkje er synleg, nesten som synleg
tilstades likevel. Og tilstades var i høgste grad mange barn, både over
og under 5 år, foreldre og besteforeldre. Og saman hadde dei det aldeles
utmerka. Etter å ha site stille lenge var det veldig godt å kunne lea
på heile kroppen, ete boller, drikke saft, og springe litt rundt i salane
på bedehuset. Søndagsamling er fine greier for små og store. Ein
søndag i månaden inviterer indremisjonsforeiningane i Husnes prestegjeld
oss med på desse samlingane. Denne gangen var det litt ekstra tillaga for
dei små.
Per Ølfarnes