Oppdatert/endra
03.10.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

Ein majestetisk avskjed


Under gudstenesta i Husnes kyrkje søndag 3. oktober vart det markert at Nils Gunnar Røssland har slutta som organist og kantor i Husnes prestegjeld. Røssland har vore organist heilt sidan Husnes vart eige prestegjeld i 1969. Etter 35 år i tenesta var det sjølvsagt mange kjensler i sving på ein dag som denne. Siste halvdel av gudstenesta sat Røssland ved orgelet, og det var ei spesiell oppleving for mange i kyrkjelyden å høyra postludiumet, den majestetiske "Gavotte" av Samuel Wesly.

Travelt, men givande
"Det har vore travelt, hektisk, givande og krevande!"
Slik formulerte Nils Gunnar det sjølv under kyrkjekaffien på Husnes bedehus som soknerådet inviterte til like etter gudstenesta. I byrjinga var organist-stillinga kombinert med 50 % i skulen. I tillegg til å ha musikkskule-elevar starta Røssland både skulekor og menighetskor, og var ein periode dirigent for Husnes mannskor. "Det var ofte eit kappløp med tida, og ein gong havna eg i fjellveggen på veg til ei gravferd i Holmedal kyrkje. Men eg nådde fram i tide den gongen og..."



Truskap i tenesta

Mannskoret var med og sang både i kyrkja og på bedehuset under avskjeden denne første søndagen i oktober. Under gudstenesta bar kyrkjeverje Arne Lindekleiv fram ei blomehelsing frå Fellesrådet, som sidan 1997 har vore Røssland sin arbeidsgjevar. Lindekleiv peika på den truskap som Røssland har vist i tenesta, og den iveren han la ned, ikkje minst i arbeidet med å skaffe nye orgel i kyrkjene. Ei stor takk gjekk og til Nils Gunnar sin trufaste støttespelar gjennom alle desse åra, kona Kjellaug, som dessverre ikkje kunne vera med denne dagen;
"Ho ville så gjerne ha vore her, men på fredag ramla ho og braut armen. Difor var ho ikkje i form til å koma."

I glede og sorg
Med denne skåra i gleda vart dagen på mange måtar like kontrastfylt som tenesta til Nils Gunnar har vore; Ein organist er med kyrkjelyden både i glede og i sorg. No skal han nyta pensjonisttilværet saman med familien, men ser ikkje bort ifrå at han kan verta å finna på orgelkrakken på ei og anna gudsteneste innimellom.

JoF

Nokre bilete frå avskjeds-markeringa i kyrkja og på bedehuset:
(Klikk på bileta for større versjon)

 
wpeC.jpg (45171 bytes) wpeE.jpg (63968 bytes) wpe10.jpg (28467 bytes) wpe9.jpg (34346 bytes)


Hit Counter