Oppdatert/endra
03.10.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

Husnes og Holmedal,
eitt eller to sokn?

Foto av dei tre kyrkjene: Kristian Hus

Det har dei siste åra vore ei drøfting omkring spørsmålet om ein skulle slå saman Husnes og Holmedal til eitt sokn. Før siste soknerådsval reduserte ein talet på medlemar i Husnes sokn til seks og i Holmedal til fire for at det skulle vere eit høveleg stort råd med tanke på sams soknerådsmøte. Og i denne perioden har sokneråda for det meste hatt fellesmøte, noko som begge råda har vore godt nøgde med. Spørsmålet er no: Skal vi gå eit steg vidare og slå saman Husnes og Holmedal til eitt sokn?

Kvifor samanslåing?
For den einskilde kyrkjegjengar vil det truleg ikkje merkast særleg om Husnes prestegjeld vert eitt sokn, men det vil gjere arbeidet i sokneråd og prestegjeld noko lettare. I og med at vi er eit felles prestegjeld skjer det meste av arbeidet på tvers av soknegrensene. Vi har såleis felles konfirmantarbeid og i stor grad felles ungdomsarbeid elles. På denne bakgrunn vert delinga i to sokn med to skilde sokneråd og ein delt økonomi lite tenleg.

Konsekvensar av eit felles kyrkjesokn:

Val til felles sokneråd
Her vert det nominasjonsnemda sitt ansvar å syte for at vallista får gode repre-sentantar frå dei ulike
delane 
av soknet. Men det er veljarane som avgjer kven som vert valde.
Kor mange som skal veljast til eit sams sokneråd, er det soknemøtet som vedtek (4,6,8 eller 10 og minst 5 vararepresentantar).

Felles soknemøte
I eit samanslått sokn kan ein ikkje halde soknemøte både i Husnes og Holmedal om same sak, då soknemøtet gjer sine vedtak i møte med alminneleg fleirtal. Møtet held ein i kyrkja eller i anna høveleg lokale. 
I eit samanslått sokn kan det difor vere ein god idè å halde soknemøte i Valen kyrkje, som ei sentral felleskyrkje for heile prestegjeldet/soknet. I visse høve kan det vere aktuelt
å halde soknemøtet i den delen av soknet som saka får størst konsekvensar for. (Eit døme på sistnemnde har vi no når soknemøtet skal uttale seg i høve spørsmålet om Matre skal overførast til Kvinnherad eller Åkra sokn eller framleis høyre til Holmedal. Då er det naturleg å leggje dette soknemøtet til Matre, sidan det er denne delen av Holmedal sokn det angår mest.)

Felles kyrkjebok
Sjølv om ein fører sams
kyrkjebok, er det fullt mogeleg å lage ei oversikt over einskilde delar av årsstatistikken der ein skil ut Holmedal, Valen og Husnes, slik ein i dag gjer for Husnes og Valen sitt vedkomande.

Felles økonomi
Ein slepp å halde greie på fordeling av utgifter mellom dei to sokna og overføre pengar frå det eine soknet til det andre i samband med fellestiltak.

Kyrkjeleg tilsette får eitt sokneråd å forhalde seg til
T.d. når soknerådet skal vedta planer om dåpsopplæring og konfirmantarbeid.

Kyrkjelydsutval
Eit felles sokneråd kan opprette kyrkjelydsutval som har eit særleg ansvar for det som skjer i tilknytning 
til den einskilde kyrkja.

Gudstenester
Ei samanslåing har ingen innverknad på kor ofte det er gudsteneste i soknet.

Sakgangen vidare
Det er bispedømerådet
som har mynde til å endre grensene mellom sokn, slå saman sokn og til å føre eit sokn over frå eit prestegjeld til eit anna. Soknemøtet i dei sokna det gjeld og vedkomande kommune skal få høve til å uttale seg om endring av sokneinndeling. Etter at desse har uttalt seg, vert saka send til bispedømerådet gjennom soknepresten og prosten slik at desse også får høve til å uttale seg.

Lokalt vert saka handsama på eit sams orienterings- møte i Valen kyrkje torsdag 14.10. kl. 19.30.
Då vert prosten med. Så vert saka teken opp til avgjerd ved avrøysting i soknemøte etter gudstenesta i Holmedal kyrkje 24.10 og i Husnes kyrkje 14.11.


Kva sokn skal folket i Matre tilhøyre i framtida?

Eit anna spørsmål som også er oppe samtidig er om
Matre skal overførast til Kvinnherad eller Åkra sokn i Kvinnherad prestegjeld, eller framleis høyre til i Husnes prestegjeld (Holmedal sokn). Dette skal folket i Matre få uttale seg om i eit soknemøte for Holmedal som vert halde i Matre etter gudstenesta 17. oktober kl.17.00.

 


Hit Counter