|
|
|
| |||||||||||
|
Sommaren er høgsesong for bryllaup |
|
|
|
|
|
Grethe Helen Bøe kjem frå Husnes og er 27 år. Ho er utdanna farmasøyt og jobbar ved giftinformasjonen i Oslo. Våren ’98 møtte ho mannen i sitt liv – ved eit tilfeldig møte på Flybussen. - Det tok litt tid før det liksom sa pang, men eg syntes Einar var hyggeleg å prate med. Me møttes fleire gonger og vart betre kjend med kvarandre. Einar Lilleeng er og 27 år gamal. Han kjem frå Beiarn kommune, ti mil sør for Bodø. For tida held han på og tar doktorgrad om ernæring på oppdrettsfisk. - Eg oppdaga med ein gong at det var meir tak i Grethe Helen enn det eg var vant til hos jenter. Ho var utadvendt og hjalp til med å få bagasjen min inn på Flybussen heilt uoppfordra. For eit halvt år sidan vart Grethe Helen invitert ut på ein bedre middag. I løpet av middagen kom Einar fram med rosene, og etterkvart ein ring. - Det var SÅ romantisk, seier Grethe Helen, og smiler bort til sin komande ektemann. Grethe Helen og Einar har budd
saman i fire år så det blir på ein måte ikkje den store overgangen
reint praktisk når dei giftar seg. Men dei to legg vekt på at det å
gifta seg vil gi forholdet meir ro; Trygghet og stabilitet. -
Ikkje det at forholdet vårt har vore utrygt og ustabilt til no, men det
blir noko meir håndfast når me på denne måten viser overfor kvarandre
og alle rundt oss at dette vil me satse på! Kombinasjonen tru og
tradisjon gjer at me ynskjer å gifte oss i kyrkja. Me er begge medlemer i
statskyrkja og har aldri vore i tvil om at me ynskte ei kyrkjeleg vigsel. JoF |
|
|
Så vert dei
|
|
|
|