|
|
|
| |||||||||||
|
Bibelen med på biltur... |
|
|
|
|
|
Du skal køyre langt i sommar om du skal rekke å høyre heile Lydtestamentet. Men at Ordet vert levande på ein ny måte, er heilt sikkert. Det er ikkje sikkert at Bibelselskapet hadde tenkt at du skulle lesa Bibelen i ein ferievarm ferjekø til sommaren. Men no let det seg altså gjere, og det er absolutt til å anbefale. Har du først byrja, kan det hende at bilturen vert lang, for det er ikkje lett å slå av når ordet vert levande og du vert forflytta attende til Jesu tid. Det var i 2002 at Bibelselskapet,
saman med NRK Radioteateret, gav ut heile Det nye testamentet som lydbok.
Heile 22 cd’ar høyres mykje ut, og lyttar du frå Matteus til
Openberringsboka tek det då og 21 timar. Du kan med fordel ta til deg av
Lydtestamentet i mindre dosar. Men kapitla flyg fort når tekstane vert
levandegjort m.a. ved at dei ulike personane i teksten vert spelt av ulike
skodespelarar. Lydtestamentet er ei åndeleg skattekiste, og den praktiske bruken strekk seg sjølvsagt langt utanfor bildørene. Cd’ane vil vera svært anvendelege i bibelgrupper og i KRL-faget er dei ein kjemperessurs. Også i møtesamanheng, der mange kan lytte i felles-skap, er cd’ane flotte å bruke. På ein heilt spesiell måte er det mulig for alle og einkvar å leva seg inn i den levande historia. Alle som strevar med
bibellesinga bør vurdera ein lydbibel. Eit møte med denne bibelutgåva kan føre til at det som var tungt og trått, vert levande og nytt att. |
|
|
|
![]() |
|
Lydtestamentet kostar kun kr. 790,- (ca kr. 36,- pr. cd) og du kan m.a. få tak i cd’ane ved å henvenda deg til Kvinnherad * Libris TORGHUSET - 5480 HUSNES - Tlf. 53 47 16 26 |
|