Oppdatert/endra
03.10.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

Kyrkjegarden, ein stille stad
og ein arbeidsplass

 

Det er fint å komme til ein kyrkjegard som er velstelt og fin. Mange tek turen til kyrkjegarden for å stelle grava til den ein var glad i og som er borte. Kyrkjegarden er ein stille stad der ein kan gå og minnast sine kjære.

Samtidig er også kyrkjegarden ein arbeidsplass. Somme tider kan du høyre dur av plenklipparen. Andre tider kan det vere gravemaskina som er i gong for å gjere klart for ei ny gravferd. Difor er det ikkje alltid stille på gravplassen, men slik må det vere på ein gravplass som er i bruk og skal haldast fin.

Dei som har kyrkjegarden som sin arbeidsplass er opptekne av at dette skal vere ein fin stad for dei som kjem dit og som har sine kjære gravlagde der. Når det skal gravast ei ny grav ved sida av ein avdød ektefelle, prøver ein så langt det er råd å la steinen bli ståande på grava. Ein tek heller bort steinen på grava ved sida av og legg molda der. Når gravferda er over, vert steinen sett tilbake og ein steller det fint til igjen.

Ofte vert alt ordna på gravferdsdagen, men somme tider startar ein førebuingane dagen før. Då kan det vere at nokon som kjem og vil sjå til grava, finn at gravsteinen er sett til sides og det er gjort klart til ny gravferd. I ein slik situasjon er det viktig at ein er klar over at slik er det på ein gravplass som også er ein arbeidsplass, og at dei som arbeider der gjer sitt beste for å stelle det fint i stand igjen.

Jan Ove Totland