Oppdatert/endra
03.10.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

Med Norefjell og himmelen som altartavle

 


Søndag 13. juni  inviterte Husnes kyrkjelyd til friluftsgudsteneste i Husnesparken for 11. gong. Sokneprest Jan Ove Totland påpeika innleiingsvis at i løpet av dei 10 åra ein har hatt denne gudstenesta har ein aldri måtta røma innomhus pga været.

Teksten for dagen handla om "havesykje" og det å vera rik i Gud. Me vil ha meir og meir, men vert aldri nøgde. I preika si snakka Totland m.a. om alt me har å vera takknemlege for – utan at me sjølve kan gjera noko til eller frå. "Me kan t.d. berre ta imot med takk, og gleda oss over det fine været på slike dagar som dette. Og kva er vel finare enn å ha gudsteneste med Norefjell og himmelen som altartavle?" 
sa han vidare. For andre år på rad var pinsemenigheten Sion særleg invitert til å vera med på gudstenesta, og tekstlesar for dagen var leiar på Sion, Olav Røssland.

Like etter gudstenesta stelte Husnes sokneråd til kyrkjekaffi og kom rundt og serverte kaffi, kaker, boller og brus til dei vél 80 personane som hadde teke turen ut i den solvarme juni-dagen for å høyra Guds ord ute i Guds frie natur.




wpe6.jpg (31010 bytes)



wpeB.jpg (31920 bytes)
Sokneprest
Jan Ove Totland
Leiar på Sion
Olav Røssland

Med Norefjell og himmelen som altartavle.

 

 

 

 

Like etter gudstenesta var det kyrkjekaffi
med kaffi, boller, kaker og brus.


Hit Counter