|
|
|
| |||||||||||||||||
|
Endeleg ferdig... |
||
| Etter ein tentamen i juni treff eg
to av dei som for ein knapp månad sidan vart konfirmert i Husnes kyrkje.
Vi et is før vi går bort til kyrkja dei vart konfirmerte i. Vi skal
snakke litt om konfirmasjonen. Både om dagen og om førebuingane.
|
||
|
|
|
![]() |
|
Navn: Hege Skogseth Eik |
Navn: Renate Louise Lofstad Bustad: Husnes Konfirmasjonsmeny: Steik |
|
| På spørsmål om dei
hadde ein fin dag set jentene i ein latter. Jada, det var ein fin dag.
Maten var god, seier Hege. Men eg hatar bileta. Alle skulle ta så mange
bilete. Renate derimot, meiner at dagen var litt "bob,bob". Ho
vart nemleg sjuk. Men ho klarte å fullføra.
Dei fortel begge om at dei ikkje sov veldig godt natta før. Først gleda eg meg, men sidan vart eg meir nervøs, fortel Hege. Det kom mange sommarfuglar i magen når vi var på veg til kyrkja. Renate fortel at ho var mest opptatt av bunaden før ho gjekk i kyrkja. Den hadde ho fått dagen før, og det måtte tas i bruk fleire sikkerhetsnåler for å få den til å henge slik den skulle. Det var ikkje så lett å ikkje snuble i bunaden og kappa forsikrar dei to jentene, men det gjekk bra. Vi var heldige med været. Det vart litt skyer etter kvart, men det var jo til tross for dette ein fin dag. Begge fortel at dei fekk ein del pengar til konfirmasjonen. Renate reiste til Bergen like etterpå. Då brukte ho opp noko, men resten skal banken få passe på. Kanskje vert det eit førarkort ein gong, seier ho. Hege har også rukke å bruke litt, men banken har også her fått i oppdrag å passe på storparten av pengegåvene. Dei må begge vedkjenne at dei ikkje hugsar så mykje av kva presten
snakka om. Vi var vel mest opptatt av oss sjølve. Det var varmt, og det
var vannvittig mykje folk i kyrkja, seier dei. |
||
|
Om konfirmantførebuingane fortel dei at noko har vore kjekt, medan noko har vore kjedeleg. Dei er begge enige om at det som har vore i kyrkja kunne ha vore kjekkare. Musikalen var kjekk, og eg forstod at dei hadde det kjekt på konfirmantturen, seier Hege. Eg kunne diverre ikkje vere med då. Musikalsangane sat i hovudet lenge etterpå. Vi øvde og øvde, så det er ikkje så rart at dei set seg fast, forklarer Renate. Jentene fortel at livet ikkje har forandra seg så mykje etter at dei vart konfirmerte. Før vart ein liksom vaksen etter at ein vart konfirmert, men det meiner dei er berre tull. Folk gjer ingen skilnad fordi om vi er konfirmerte, seier jentene medan dei konkluderer med at ein vert vaksen når ein rundar 30 år. Kanskje er det slik, konkluderte journalisten, som også framleis er under 30... Torstein Aarthun |
![]() |
Bilete av alle årets konfirmantar i Husnes prestegjeld finn du her.