|
|
|
| |||||||||||||
|
|
|
|
Alle ungdommar som er fødde i 1990 får
i desse dagar tilsendt heftet "Konfirmant 2005" i posten. Her
informerer Den norske kyrkja om kva det vil seia å bli konfirmert. |
|
| -
I mai, når dei fleste
konfirmasjonsgudstenestene vert haldne, ynskjer vi å nå alle dei som har
eitt år igjen til sin eigen konfirmasjon, seier
undervisningsrådgjevar An-Magritt Granli i Kyrkjerådet. Ho vonar heftet
"Konfirmant 2005" vil føra til mange samtalar mellom ungdom og
foreldra deira om neste års konfirmasjonstid.
I 2002 vart 38 250 unge konfirmert i kyrkja. Nesten 90 prosent av dei som er døypte vel å fylgja opp dåpen med å la seg konfirmera. I Husnes prestegjeld vil kapellan Torstein Aarthun vera innom 8. klassane på ungdomsskulen i første halvdel av juni og informera om konfirmasjonstida. Deretter vert det innskriving i kyrkjene tirsdag 15. juni. Utdrag av brosjyren for Bjørgvin finn du her. |
|