|
|
|
| ||||||||||||||||||||||||||
|
Bli med |
||||
ACTION er ei veke i total livsutfalding i Bø i Telemark; Sommarland, idrett, Bibel og 1 000 andre ungdomar gjer dette til sommarens høgdepunkt for 17. år på rad... ACTION går i år av stabelen 21.-25. juni, under mottoet "Everyday". Her skal ungdomar i alderen 14-17 år herje frå seg med Jesus som midtpunkt kvar dag i ei lita veke. Konseptet er at deltakarane på førehand vel seg ein av 28 idrettar dei ynskjer å få instruksjon i, og denne held dei på med på dagtid, frå ca kl 10.00-14.00. Før dette er det morgonmøte, og etterpå er det middag og kveldsmøte. Ellers er det opp til dagens kreative ungdom å nytte tida i Sommarland, på KRIK-torget og rundt om på festivalområdet best mogeleg. Me bur på Bø camping, kun 500 meter frå Sommarland. Action kan i år skilte med eit vidt spekter av idrettar å velge mellom, frå akrobatikk til amerikansk fotball, og frå 59 grader Bø til breakdance. Nokon av instruktørane som kjem er Kristoffer Dahl (eliteseriespiller i fotball for Lyn) og Tarjei Utgarden (proff skater). I år har me fått med oss fire meget gode talarar til morgon- og kveldsmøtene: Jack Garratt (prest og standup-komiker), Erik Andreassen (ex-skihopper, kjapp i kjeften), Hege Holmqvist (proff forteller) og Kjell Markset (pappaen til KRIK). På den musikalske sida kan me presentere Elevate
som årets leirband. I fjor var ACTION stappfull veldig tidleg, og pr. 14. april er det allereie over 300 påmeldt! Første mann til mølla!! Meir info og påmelding på: www.krik.no Her kan du lesa korleis ein av ungdomane frå KRIK Husnes opplevde denne action-fylte veka ifjor!
|
|||||
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |