|
|
|
|
|
Konfirmantmusikal i Kulturhuset |
|
|
| Til konfirmasjonstida høyrer det
m.a. med ei samtalegudsteneste. Det er fleire måtar å gjera dette på. Ofte er konfirmantane med og lagar ei gudsteneste i kyrkja. I Husnes prestegjeld gjer ein dette på ein noko annleis måte, men her og er eit av hovedpoenga at konfirmantana skal ha ei framføring. I år som i fjor skal konfirmantane framføra ein musikal. Musikalen heiter "Ein ledetråd for livet." Dette er ein annleis måte å læra seg pensum for konfirmasjonstida på. Musikalen handlar om katekismen, og innhaldet i denne. Dette vert formidla gjennom song og korte replikkvekslingar. Konfirmantane er både songarar, musikarar og skodespelarar. Her får dei utfalda seg under kunnig vegleiing frå m.a. Hjørdis Østerbø. På ein lett og av og til litt humoristisk måte får ein læra meir om innhaldet i katekismen. Konfirmantane starta førebuingane av musikalen på konfirmantturen i slutten av januar, og ein håpar at alt sit som det skal når ein er klar til å framføra den på søndag kl 17.00. Musikalen er open for alle. Vi vonar mange vil koma og sjå, for dette vert ei oppleving for heile familien. Etterpå skal konfirmantar og foreldre ha ei samling i Valen kyrkje. Då kan konfirmantane pusta letta ut. Her vert det god mat, og gjerne nokre glimt frå konfirmantturen. Torstein Aarthun |