Oppdatert/endra
03.10.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

5.klassane på vandring gjennom Bibelen!



Kyrkjelydssekretær Jan-Ove Fagerheim har i løpet av det siste året besøkt alle 5. klassane i prestegjeldet vårt. Føremålet med besøket har vore å gje elevane ei større innsikt i hovudinnhaldet i Bibelen. Undervisninga er lagt opp slik at enkle håndbevegelsar og ordspel vert bunde opp til hendingar i Bibelen, og klasserommet vert brukt som kart. Dødehavet og Genesaretsjøen ligg i form av blå filtlappar på golvet, og bakerst på sida i klasserommet står ei vekkerklokke som symboliserer byen Ur.

Symbol er og nøkkelen til å lære innhaldet i Bibelen. Ved hjelp av teikn og enkle ordspel kunne elevane på denne måten leika seg gjennom bibelhistoriane. I haust gjekk dei gjennom Det gamle testamentet (GT), medan dei etter jul har hatt undervisning om Det nye testamentet (NT). Opplegget er eit samarbeid mellom skulen og kyrkja.

Sjølv fekk eg gleda av å væra til stades då Jan-Ove saman med 5. klassingane på Sunde skule hadde NT på timeplanen. Det var då ein særs engasjert og godt førebudd klasse eg møtte. Dei imponerte meg stort når dei viste kva dei hugsa frå GT, og dei var særs læreviljuge når NT stod på timeplanen.

Jan Ove Fagerheim fortel at han på seinsommaren 2002 var på eit kurs i regi av Bibelselskapet for å læra seg denne måten å undervisa på. Eit kurs som var svært matnyttig, som han sjølv seier. Det er no andre året han har dette opplegget med femte-klassingane. I KRL-faget er ei av målsettingane for denne aldersgruppa å verta meir kjend med bibelen si oppbygning, og rekkefølgen på dei ulike hendingane, fortel han vidare. Dette opplegget er etter mi erfaring med på å gjere dette på ein god måte.

Etter at Fagerheim har besøkt skulane har dei også fått kvar sin Bibel. Mange har vore i kyrkja for å ta imot denne. Dei som ikkje hadde høve til å koma dit fekk Bibelen på skulen. Vi vonar det kan væra ei bok dei kan ha nytte og glede av både i skulesamanheng og i fritida si.

Torstein Aarthun

Les Bibelselskapet sin presentasjon av "Vandring gjennom Bibelen for barn" her.

Her er nokre bilete frå skuletimen på Sunde skule:
Klikk på bileta for større versjon!

04022015.jpg (28021 bytes) 04022016.jpg (20219 bytes) wpeF.jpg (17523 bytes) wpe11.jpg (44977 bytes) wpe13.jpg (26324 bytes)

 

Her er nokre bilete frå Familiegudstenesta i Valen kyrkje 15. februar, då 5. klassingane på Valen skule fekk utdelt biblane sine:
Klikk på bileta for større versjon!

04022010.jpg (29870 bytes) 04022011.jpg (32118 bytes) 04022012.jpg (31067 bytes) 04022013.jpg (31263 bytes) 04022014.jpg (63998 bytes) 0402209.jpg (28484 bytes)

Nokre av 5. klassingane var framme og viste bevegelsar og stikkord både til GT og NT. Dei var kjempeflinke!

Nokre born var framme og song saman med presten Kyrkja var dekorert med teikningar som born frå Hobbyklubben på Valen og Kvardagsskulane på Sandvoll og Utåker hadde laga.

 

OPP


Hit Counter