Oppdatert/endra
11.08.2009



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

Glade konfirmantar på tur!


Samansveisande! Sosialt! Kjempekult! Lærerikt! Dette er nokre av supperlativa som blir tatt i bruk for å beskrive årets weekend for konfirmantane i Husnes prestegjeld. For tredje år på rad var turen lagt til Brandøy, ein leirstad på Bjoa i Ølen kommune.

Denne våren er det 69 ungdomar som skal konfirmera seg i kyrkja. Av desse var 57 stykker med på turen i helga. "Etter ein pause på nokre år, der ein ikkje reiste på weekend, har me dei siste tre åra hatt denne sosiale happeningen for konfirmantane ei helg i januar" forklarer kyrkjelydssekretær Jan-Ove Fagerheim. Saman med nye-kapellan Torstein Aarthun hadde han ansvaret for planlegginga og gjennomføringa av leiren. "Det er utruleg samansveisande med ein slik tur. Me blir kjend med konfirmantane på ein heilt ny måte, og dei blir betre kjend med oss leiarar."

Både Jan-Ove og Torstein gir uttrykk for at det er ein kjempepositiv og kreativ gjeng med konfirmantar dei har i år. Og den positive tonen fekk fritt spelerom heile helga. Stemninga stod i taket under den store "Borte alene-festen" laurdag kveld, der både konfirmantar og leiarar bidrog med leikar, konkurransar og sketsjar. Av underhaldningsinnslaga kan me m.a. nemna ein parodi på Team Antonsen frå NRK, der ein på storskjerm fekk sjå kor maten ustanseleg flaug tilsides. Ein heimelaga "Tankelesar" gjorde og suksess; Ikkje like kjekt for alle å få tankane sine avslørt over høgtalaranlegget...

I tillegg til den sosiale biten hadde sokneprest Jan Ove Totland på laurdag føremiddag ei undervisningsøkt som var kalla "Frå krubba til krossen". Like etterpå starta arbeidet med konfirmantmusikalen "Ein ledetråd for livet" som i år skal framførast i Kulturhuset på Husnes søndag 21. mars. Hjørdis Østerbø kom eins ærend for å øve inn songane med konfirmantane. Musikarar har me funne mellom konfirmantane sjølv.

Weekenden vart avslutta søndag formiddag med ei gudsteneste som konfirmantane førebudde sjølv. Like etter frokost hadde ein "gudstenesteverkstad" der ulike grupper jobba med sin del av gudstenesta; nokre pynta, andre laga forbøner og preik. Det vart og jobba med songen og musikken. Etter gudstenesta var det berre middag og heimreise som stod att på programmet.

Nokre bilete frå Konfirmantweekend:                            Klikk på bileta for større versjon!

wpe1C.jpg (110751 bytes)

wpe1E.jpg (133998 bytes) wpe20.jpg (18703 bytes) wpe22.jpg (10488 bytes) wpe2.jpg (36051 bytes)
wpe24.jpg (13219 bytes) wpe26.jpg (7256 bytes) wpe28.jpg (7359 bytes) wpe2A.jpg (10116 bytes) wpe2C.jpg (9795 bytes)
wpe30.jpg (27075 bytes)
wpe4.jpg (21072 bytes) wpe2E.jpg (7387 bytes) wpe32.jpg (8870 bytes)


Hit Counter