Oppdatert/endra
03.10.2007


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

Ny kapellan i Husnes

Foto: Åsmund Taarn Sande

Det var ei fullsett kyrkje som tok imot Torstein Aarthun, den nye kapellanen i Husnes prestegjeld, og det vart ei gudsteneste prega av glede og forventning.

Etter inngongsprosesjonen stilte "SVUSH" barnegospel opp og song fleire songar. Med frisk song og strålande auge formidla dei bodskapen på ein slik måte at det skapte begeistring i kyrkjelyden.

Prost Svein Arne Thedordsen leia gudstenesta, og i sin helsingstale til den nye kapellanen understreka han og gleda i det å vera i teneste for Gud og menneske.

Soknerådsleiar i Husnes, Tormod Sunde las innsetjingsbrevet frå biskopen, og begge soknerådsleiarane, saman med soknepresten og prosten, deltok i forbønhandlinga for den nye kapellanen.

I preika understreka Aarthun kor viktig tilgjeving er i den kristne bodskapen. Det er viktig at vi tek imot Guds tilgjeving, og det er viktig at vi tilgjev kvarandre. På den måten kan og kyrkja vera ei truverdig kyrkje.

I gudstenesta deltok og Husnes blandakor, og dramagruppa Shalom.

Etter gudstenesta inviterte sokneråda til velkomstfest i Husnes bedehus. Her var det helsingstale av sokneprest, soknerådsleiarar og kyrkjeverje. Kapellanen og kona Hildegunn vart ønskt varmt velkomen til Kvinnherad og til kyrkjelyden, her er mange utfordringar. Men det vart og understreka at i den oppgåva som dei her går inn i skal dei få stå saman med gode medarbeidarar.

Tore Kloster gledde festlyden med vakker og god sang. Torstein Aarthun takka til slutt for varm velkomst og mange gode ord, og han gledde seg til å ta til med oppgåva i kyrkjelydane.

AL

Nokre bilete frå innsetjingsgudstenesta og velkomstfesten:                            Klikk på bileta for større versjon!
Husnes blandakor.jpg (239285 bytes) velkomstfest.jpg (836349 bytes) Velkomstfest3.jpg (206535 bytes) Velkomstfest4.jpg (218673 bytes) SVUSH i kyrkja.jpg (881083 bytes)

 

OPP


Hit Counter