|
|
|
|
Ein strålande NattCUP |
|
|
|
Foto: May Britt Bergset |
| Vél 300 ungdomar møtte opp i Husneshallen natt til søndag 16. nov for å få med seg årets NattCUP i innebandy. Det var andre året på rad at KRIK Husnes inviterte til ei slik storsamling, og det vart ei strålande natt med mykje smil og latter, sveitte og engasjement. |
Det heile tok til nokre minuttar over 22, med eit forrykande opningsshow i regi av KRIK-leiar Oddbjørn Kloster og medhjelparar. Me fekk sjå på storskjerm at KRIK-elden ankom Husneshallen. Ståle Mehl bar fakkelen fram til scenen, der det vart både smell og flammar til værs. Deretter kom Aksel Kloster fram på scenen og gav ungdomane nokre godord, før me fekk inntog av dommarane og kapteinane for dei 31 laga som deltok i turneringa. Tre lag hadde teke turen over frå Stord, resten var frå Kvinnherad. I fjor var det 27 lag med i turneringa; Ein fin auke, men potensialet er der til at det kan verta endå fleire. I år tok ein også i bruk gymn.salane nede på ungdomsskulen, noko som gjorde at innleiande gruppespel gjekk radig unna.
Oppe i idrettshallen kunne ein kose seg med pizza, brus og kioskvarer i Nattcaféen. Ein del av dei frammøtte fulgte ivrig med på landskampen i fotball mellom Spania og Norge. Inne i hallen var spenninga og engasjementet minst like stort som i EM-kvalifiseringa.
I pausen mellom innleiande gruppespel og sluttspelet fekk me sjå opptak frå kampane på storskjerm, før dagleg leiar i KRIK-Hordaland, Tone Lenning, hadde eit vitnesbyrd. På ein personleg og flott måte fekk ho formidla til ungdomane kva Jesus betyr for ho i dag.
Klokka vart godt over 5 om morgonen før vinnarlaga i dei to klassane var klare; I den yngste klassen (8.-9. kl) vann Husnes United over Husnes Aliens i finalen. Bronsefinalen gjekk mellom Skosålane og Papiravfallet. Skosålane vart eit nummer for store for Papiravfallet og tok 3. plassen. I den eldste klassen (10. kl +) vann Agnostikerne over eit lag som kalla seg for Rævdun Rockers. Her var det Al Quaida som vann over MHINNFMTINN (Me Har Ikkje Noko Namn For Me Trenge Ikkje Noko Namn...)
Etter ei høgtideleg og flott premieutdeling, der kvar spelar på dei fire beste laga i kvar klasse fekk kvar sin premie, var NattCUP'en over for i år, og trøtte ungdomar kunne finna vegen heim og sove ut. Som det har kome fram i lokalavisene var det litt problem i løpet av natta med nokre fulle ungdomar som ville inn på cup'en vår. Her må me få poengtera at dette på ingen måte fekk vera med og overskygge og øydeleggje opplevinga til dei fleste av dei som var komne for å vera med på cup'en. Over 95 % av ungdomane som tok turen til Husneshallen var edrue. Nokre av dei som hadde drukke greidde me dessverre ikkje å halda ute frå Hallen. Me har nok ein jobb å gjera for å styrke vakthaldet til neste år.
Alt i alt ei flott natt, der me på ein glimrande måte fekk visa at det finnes eit oppegåande kristent ungdomsarbeid på Husnes. Tilbudet er der, og gjennom KRIK og Nattcafé ynskjer me å visa at Jesus er ein levande person idag, som ynskjer å ha kontakt med dei unge! Meir om ungdomsarbeidet på Husnes bedehus finn du på www.husnesiuf.cjb.net.
Nokre bilete frå NattCUP'en: Klikk på bileta for større versjon!
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Her kan du lesa kva Kvinnherigen skreiv om cup'en