Oppdatert/endra
03.10.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

NattCUP i innebandy

Natt til 16. november brakar det laus att. Då inviterer KRIK Husnes deg til å vera med på sin årlege NattCUP i innebandy i Husneshallen.

Dersom du er ung og vil vera med der det skjer, veit du nok kor du bør befinne deg natta mellom 15. og 16. november? Veit du det ikkje enno kan me fortelja deg det: Du bør ta turen til Husneshallen! Der kan du nemleg vera med på årets store begivenhet: KRIK Husnes sin NattCUP i innebandy!

I fjor var det mellom 3-400 ungdomar innom hallen i løpet av natta. Av desse var ca 130 med i turneringa. Dette skulle altså tilseie at det er mykje å finna på óg for deg som ikkje synes innebandy er det kulaste i verden..Av dei 27 laga som tevla om dei flotte premiane ifjor, var heile 25 lag frå Kvinnherad! To lag kom frå Bergens-området. I år ventar ein fleire tilreisande lag, og ein har i alle fall fått melding om at ungdomar frå Stord tek turen over, samt at det kjem nokre lag frå Bergen..

Ver på plass klokka 22.00! Då kan du få med deg eit forrykande opningsshow!

Alle spelarane på dei laga som får 1., 2. og 3. plass i kvar klasse får premie.

Premiane er levert av: Premiebua

Meir informasjon og påmelding: www.husnesiuf.cjb.net
  
Les kva Kvinnheringen skriv om cup'en: 18.11.02  Nattevaking med køllesving
03.11.03  Ny nattcup i Husneshallen

 

OPP


Hit Counter