Oppdatert/endra
03.10.2007


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

Eit viktig og flott Nådegaveseminar

wpe1.jpg (96239 bytes)

17.-19. oktober var vél 70 personar samla i Valen kyrkje til Nådegaveseminar. Seniorprest Per Fimreite gav mykje av seg sjølv, og kom m.a. med mykje sjelesorg gjennom undervisninga si.

Paulus skriv i sitt 1. brev til menigheten i Korint at "Når det gjeld Andens gåver, brør, vil eg ikkje at de skal vera utan kunnskap om dei." (1. Kor 12,1) Dette var litt av drivkrafta til at sokneråda og indremisjonsforeiningane i prestegjeldet inviterte til eit Nådegaveseminar. Alt for ofte har me behandla desse gåvene frå Gud som noko litt skummelt, noko som me ikkje heilt kan med. Dei frammøtte opplevde då og at dette var noko me treng å snakka om; Her treng me meir kunnskap og tilrettelegging i forsamlingane våre! Desse gåvene er tross alt gitt oss av Gud for at me skulle tena kvarandre med dei. Alt skulle vera til oppbygging av menigheten!

Ein ting som var svært gledeleg med seminaret var den tverrkyrkjelege samansetjinga på deltakarane; Her var deltakarar frå m.a. kyrkje/bedehus, pinsemenigheten Sion på Husnes og Kristkyrkja i Rosendal. Den "samansmeltinga" me fekk oppleva kan det koma noko stort ut av! Me veit at me står saman om det viktigaste, men mange av oss går likevel rundt og er litt småredde og utrygge på kvarandre... Er ikkje dette dumt? Me ser ulikt på einskilde ting, men me er då på veg mot same målet! Innimellom all undervisninga var det tid til både kaker, kaffi, saft, betasuppe og ein god prat. Dei aller fleste fulgte oppmodinga om å setje seg ilag med nokon dei ikkje kjende så godt frå før.

Nådegaveseminaret vart avslutta med ei flott Tomasmesse søndag kveld. Her var det og ope for dei som ikkje hadde meldt seg på heile seminaret. I ei Tomasmesse er det lagt stor vekt på bøn og forbøn. Det var mykje song, og medan me song kunne ein gå rundt i kyrkjerommet til ulike stasjonar; Ein plass kunne ein tenne eit lys medan ein bad for nokon eller noko. Ved ein stor kross kunne ein leggja ned ein stein, og dermed på ein symbolsk måte få leggja over på Jesus det som tyngjer oss. Framme ved altaret var det mange som kom fram for å bli bedt for og ved utgangen stod to korger der ein kunne skriva opp bønneemner. Etter denne flotte bønedelen i gudstenesta, delte me nattverdmåltidet saman. På gudstenesta fekk me oppleva at "nye vart kristne – og kristne vart nye".

Ei stor takk til Per Fimreite for alt han gav oss. Takk og til alle som deltok på seminaret, og til deg som kom innom Tomasmessa! Dette var fyrste gongen me har hatt ei slik gudsteneste her i prestegjeldet, og det blir nok ikkje den siste...

JoF

Aktuelle kapittel i Bibelen når det gjeld nåvegavene:
Paulus sitt brev til Romarane kap. 12  - Les
Paulus sitt første brev til Korintarane kap. 12  - Les
Paulus sitt brev til Efesarane kap. 4  - Les

I september 2002 hadde avisa Dagen eit intervju med Per Fimreite og Einar Ekerhovd. Då hadde dei vore og hatt Nådegaveseminar på Fitjar. Les gjerne artikkelen "Stort behov for nådegaveseminar".

wpe12.jpg (155553 bytes)

wpe14.jpg (125346 bytes) wpe16.jpg (188069 bytes) wpe18.jpg (122357 bytes)

Her ser du nokre bilete frå Nådegaveseminaret i Valen kyrkje.
Klikk på bileta for større format!

OPP


Hit Counter