Oppdatert/endra
03.10.2007


Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside

Ein veteran takkar av

I september avslutta Norunn Tveit si
23-årige teneste i prestegjeldet vårt.
Å skriva om tenesta hennar blir på
mange måtar synonymt med å skriva
om oppbygginga av kyrkjekontoret
i Husnes prestegjeld.

1. august 1980 starta eit nytt kapittel i Husnes prestegjeld si soge; Norunn Tveit, frå Skodje på Sunnmøre, tok til som sekretær for presten og dei to sokneråda våre. Til Kvinnherad kom ho i 1971, då ho gifta seg med Andor Tveit. Medan borna var små var ho heimeverande husmor, men no ville ho så smått ut i arbeidslivet. To timar kvar onsdag var Norunn å treffa på kontoret i prestebustaden på Sunde. Arbeidsoppgåvene bestod i føring av protokollar og bøker, samt ulike utsendingar for prest og sokneråd.

«Det var kummerlege forhold på prestekontoret den første tida. Kontoret var så lite, at dei timane eg skulle vera der måtte Halvor ut og utføra andre tenester. Datamaskiner var det jo ikkje snakk om, men skrivemaskina vart flittig brukt.» Norunn fortel levande om kor hardt ho måtte trykke på skrivemaskina (som sjølvsagt ikkje var av den elektroniske typen), for at teksten skulle vera leseleg gjennom alle blåpapira. Fire eksemplar kunne ho skriva samtidig, men skulle ho ha fleire måtte heile teksten skrivast ein gong til.

Utover 80-talet auka staben i prestegjeldet, og i 1990 kunne Halvor Medhus (sokneprest), Arne Lindekleiv (kateket) og Jarl Brosstad (kyrkjelydssekretær) saman med Norunn ta i bruk det nye kyrkjekontoret på Husnes i etasjen over Music Box. Etterkvart kunne og Nils Gunnar Røssland (organist) flytta inn i dei same lokala.

Saman med nytt kontor kom óg nye hjelpe-middel; Den første datamaskina kom på plass, og var til stor hjelp for Jarl Brosstad då han i april 1991 gav ut første nummer av Kyrkjelydsbladet. «Eg ser ein del fordelar med å jobba på PC» seier Norunn. Men ho er ikkje overbevist om at det alltid er like tidsbesparande med data: «Datamaskina har gjort mykje av arbeidet mitt lettare, ikkje minst det å skriva brev og ulike attestar. Likevel har eg hatt den gamle skrivemaskina ståande på lur heile tida – og fått bruk for ho fleire gonger. Rett som det er fungerer ikkje systemet som det skal. Dessutan føler eg meg nok litt for gamal til å sette meg inn i alt dette nye.»

Arbeidstida til Norunn auka i takt med aktiviteten i kyrkjelydane. Dei to timane hadde på denne tida auka til to dagar i veka. Norunn fekk etterkvart ansvaret for å skaffa sponsormidlar til Kyrkjelydsbladet. Ein del tid har det og gått med til å leita opp alle som skulle få invitasjon til konfirmantjubileuma kvar haust. «Det kan til tider vera litt av eit detektivarbeid å spora opp alle, men her har eg etterkvart fått ein styrke i erfaringa og kjennskapen til dei ulike folka i bygdene. I desse 23 åra har eg fått fulgt ein del personar gjennom ulike fasar av livet; frå fødselsmeldinga kom og vidare til dåp, dåpshelsingar, 4- og 6-årsbøker, konfirmasjon og kanskje til bryllup og foreldre-rolla.» Sjølv om Norunn ikkje blir kjend med alle, kjenner ho rett som det er att namna på dei ho skriv ut attestar o.l. til.

«Eg har stortrivst i jobben frå dag ein. Det har til tider vore travelt, men veldig interessant og lærerikt. Etterkvart har eg lært meg å planlegge arbeidet langt fram i tid. Då blir arbeidsdagen mindre stressande og ein tåler at det kan koma noko ekstra på ein dag. Trivselen på jobb har ikkje blitt mindre etterkvart som staben har auka. Eg synes det er veldig viktig med dei stabsmøta me har kvar veke, og t.d. samlinga me har for staben m/ ektefelle kvart år før jul.»

I 1996 flytta Kyrkjekontoret til nye lokale, framleis i andre etasje i Aksen, men no held kontoret til i Husnes tenestesenter - rett over posten. No hadde stillinga til Norunn auka til 50 %. Ein periode arbeidde ho óg annakvar onsdag på kyrkjekontoret på Halsnøy, og seinare éin dag i veka i Rosendal. Ikkje mindre enn 12 prestar har ho hatt å forholda seg til i løpet av desse åra, eller som ho seier det sjølv: «Eg har slete ut like mange prestar som det er kyrkjer i Kvinnherad...»

Norunn bestemte seg for ca eitt år sidan at ho ville slutte når ho vart 67 år, og denne tida har ho nytta til å psyke seg ned og førebu seg på det å vera pensjonist.«Eg trur ikkje eg får problem med å fylle tida mi, men eg skal i alle fall ikkje stille meg i rekka med dei som går rundt og klagar over at det er så travelt å vera pensjonist! No har eg fri til å bestemme sjølv kva eg vil vera med på. Av og til kan det verke som om det er ’in’ å ha det travelt, også mellom eldre folk. Me må ha tid til kvarandre!»

– Kva gledar du deg til å få meir tid til?
«Eg har alltid likt å reise, så no ynskjer eg å få sjå endå meir av landet vårt. Det har aldri freista med noko Syden-tur e.l.,
men utferdstrangen førte til at eg budde 10 år i Canada.»

Like før ho forlét kontoret att, lovar Norunn at ho vil stille opp på ulikt dugnadsarbeid, t.d. som å vera med å legge giroblankettar i Kyrkjelydsbladet. Me seier takk til Norunn for lang og tru teneste i prestegjeldet vårt, og ynskjer ho og Andor lykke til med tilværet som pensjonistar! Som de kunne lesa i forrige nummer av Kyrkjelydsbladet, har no Toril Langeland gått inn i stillinga etter Norunn.

Staben på kyrkjekontoret har avskjedsfest for Norunn.

OPP


Hit Counter