|
|
|
| ||||||
|
Feite
action-dagar i Bø |
|
|
|
Rett etter skuleslutt vart ungdoms- arrangementet Action sett i
gang med 1050 ungdommar og leiarar. Ti av dei var frå Kvinnherad. Dagen starta
så altfor tidleg for dei fleste av ungdommane. Likevel klarte alle å møta opp
til avtalt tid, iført den oransje KRIK-Husnes t-skjorta. KRIK (Kristen
Idrettskontakt) er arrangørane av Action, ein leir for ungdom frå 14 til 18 år som vert avhalden i Bø kvart år. |
Mot Bø Så drog vi av garde, i ein gammal raud Toyota Hiace med ni sete. Bak oss hang ein tilhengar lånt av kommunen, med påskrifta "Eg er ein kulturtilhengjar. Kva med deg?". Etter litt om og men med bilen kom vi til Bø i kveldinga. No hadde det vore rasande festleg å skrive at vi hadde fint vêr heile veka, men det kan eg ikkje. Det regna. Mykje. Og det stoppa sjølvsagt ikkje før vi var ferdige med å setje opp telta.
Seinare på kvelden var det opningsmøte. Då fekk vi vite at mottoet for leiren var "Fete Dager". På møtet skjedde det mykje; Informasjon om dei neste dagane, song og musikk, aktivitetar og komikarar var blant det som stod på programmet. Etter møtet var det KRIK-torg. Her kunne ein kjøpe KRIK-effektar, og delta på aktivitetar. Dette var siste post på programmet før det var leggetid. Som alltid viste kvinnheringane eksemplarisk framferd, og alle dei 8 deltakarane la seg utan å mukke. Og leiarane? Dei måtte gå nattevakt. Ein vanleg dag på leir
Etter møtet var det tid for idrettsaktivitetar. Tre av
oss hadde innebandy som aktivitet, men vi var også representerte på
bueskyting, orientering og ballspel. No var det tid for den aktiviteten som svært mange av leirens deltakarar hadde sett fram til, og som også var ein av hovudgrunnane til at mange meldte seg på. Sommarland i Bø ligg nemlig berre 500m frå campingplassen, og deltakarane fekk fri adgang mellom 15.00 og 19.00 både tysdag, onsdag og torsdag. Det er vel ikkje så mykje meir å seia enn at vi vart våte nok av klorvatnet på dei tolv timane vi hadde der. Om kvelden var det kveldsmøte og KRIK-torg att. Eine kvelden hadde dei m.a. bruskassestabling. Her var det gjort i stor stil, og fleire fekk stabla over 20 kassar oppå kvarandre før det rasa og dei sjølve vart hengande i strikken.
Globalcup KRIK Husnes stilte med eit gutelag. Vi hadde diverre ikkje nok spelarar, så vi lånte nokre her og der. Nokre av oss hadde vore på Action i 2002 også, og då gjekk det ikkje så bra. Difor var målsetjinga i år å gjera noko vi ikkje hadde klart før; Å score eit mål. Den første kampen tapte vi 0-1. Det var ille, sjølv om det var dei som enda på andreplass samanlagt til slutt. Neste kamp måtte vinnast! Motstandarane her scora rett etter kampstart. Likevel kjempa laget vårt. Det blei bellønna med to mål. Me vann kampen! Den siste kampen tapte vi 2-0. Det var likevel ikkje så ille, for vi hadde klart målsetjinga vår. Vi hadde også vunne ein kamp. Kvelden vart vellykka. Avreise |