Tilsette ved
kyrkjer og kyrkjegardar finn du under kvart sokn.
Har du aktuelt stoff, t.d. eit arrangement e.l., du ynskjer å få med på sidene?
Ta kontakt med
redaktør for Fjelberg prestegjeld si webside: Harald
Thuestad
Nytt og gamalt frå prestegjeldet:
Sommarkonsert på Fjelberg
søndag 20. juni Gode tradisjonar må takast vare på!
Sommarkonserten på Fjelberg er ein slik tradisjon!Denne gongen får vi besøk av to TRUBADURAR
- som begge meistrar ukulele og gitar, og skriv tekstar og melodiar sjølv!
Søndag 20. juni kl 16.30 kan du få høyra Sølvi Helen hopland og Camilla
Myklebust på Fjelberg!
Ordning for
fastsetjing av gravferdstidspunkt Frå 1. september vert det for
prestegjelda i Kvinnherad innført ny ordning når det gjeld innmelding av
dødsfall og avtale om gravferd og gravferdstidspunkt. Fram til no har det
vore vanleg at pårørande og/eller gravferdsbyrå har teke kontakt med og
gjort slik avtale med presten.
Jim Reeves-konsert
i Fjelbergkyrkja Søndag 15. juni vart det skipa til sommarkonsert i
Fjelberg kyrkje. Det var Knut Inge Røen som framførte songar frå Jim Reeves
sitt song-repetoar. Det vart ein flott ettermiddag, og dei om lag 90
tilhøyrarane, og då ei nærast fullsett kyrkje, fekk lytte til mange kjente
og ”kjære” songar.
"Happy" på
Familiegudsteneste i Eid kyrkje Søndag 20.
januar var det Familiegudsteneste i Eid kyrkje. 6-åringane var
innbedne for å få kyrkjeboka si, og Happy barnekor var på plass for å
formidle at dei og andre i barneskulealder er
velkomne til å synge ilag med oss.
Vakker konsert i
Fjelberg kyrkje Det vart ein vakker og
stemningsfull ettermiddag for alle dei som hadde funne vegen til Fjelberg
kyrkje søndag, der familien Reigstad inviterte til song, musikk og
diktlesing med temaet «min kvilestad».
Kyrkjelydstur til
Brandasund Første søndag i juni skipa
kyrkjelyden i Eid og Fjelberg til kyrkjelydstur til Brandasund.
Om lag 40 personar var med og fekk oppleve Sunnhordlandsnaturen på sitt
aller vakraste.
Sommarkonsert på Fjelberg Sommarkonserten på Fjelberg har
etterkvartvorte tradisjon. Også denne sommaren,nærare bestemt St. Hans dag 24. juni, vil
soknerådet i samarbeid med organisten,arrangere
ein ny konsert. Aktørar vert Haldis og Asle Reigstad saman med AnneHilde og ArveReigstad.
Førjulskonsert
i Eid kyrkje Det vart også i år arrangert førjulskonsert i Eid.
Organist Ole A. Helland stod for opplegget der han hadde invitert gjester.
Konserten starta med prosesjon av eit barnekor og tilhøyrande sang...
Bibelvandring
for 6.klassingane i Fjelberg prestegjeld Bibelvandring er eit opplegg som Bibelselskapet
står bak for å gi oss betre kunnskap om Bibelen.