|
Gode tradisjonar må takast vare på! Sommarkonserten på Fjelberg er ein slik
tradisjon! Denne gongen får vi besøk av to TRUBADURAR
- som begge meistrar ukulele og gitar, og skriv tekstar og melodiar
sjølv!
Den eine er Sølvi Helen Hopland frå Måløy! Ho har gitt ut 5 cd-ar og ei songbok,
alt med eigne tekstar og melodiar.Den siste cd-en kom ut i 2007,
og ber tittelen ”Vengespenn”. Sølvi skriv om livet
slik ho ser det - med fokus på livsglede,
mot, kvardagstru og venskap - uttrykt på
dialektnær nynorsk! Det skal vere folkelig, ikkje vakkert, ifylgje ho sjølv! Men
den som har lytta til Sølvi, veit at det også er vakkert!!
I tillegg til å vere visesongar, driv Sølvi
Ulvesund Fyr ved Måløy, -ein kreativ fyrkafe med
utleige og overnatting!
Camilla Myklebust er frå Uskedalen. Ho er til dagleg
barnehageassistent, men brukar mykje av fritida si på song og musikk.
Camilla har nok alltid vore glad i song og musikk, og spelte tidligare i
Rockegruppa ” Esther” i Bergen. Sidan ho for nokre år
sidan fekk ei ny retning på livet sitt, har ho spreidd masse velsignelse med
songen og musikken sin! Ho har eit smittande vitnemål
om det nye livet Gud har gitt ho!
Eg trur at desse to, som faktisk aldri har møtt kvarandre før, vil gje oss ei
flott oppleving
denne sommar kvelden på Fjelberg!
Velkomne alle som ein!
Sjå annonsering i lokalavisene!
Marit Lindekleiv
|