Oppdatert/endra
28.01.2008



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Fjelberg prestegjeld
Startside

Vakker konsert i Fjelberg kyrkje
 


Aktørane: Asle (framme t.v.), Hildegunn og Haldis Reigstad. Bak: Torjus Vierli (t.v.) og Arve Reigstad.
Foto: Arne Lindekleiv
 


Ei nær fullsett kyrkje fekk søndag lytta til vakker song, musikk og diktlesing,
framført av familien Reigstad
.

Musikar og songar Arve Reigstad framførte fleire av songtekstane som mor hans, Haldis Reigstad hadde laga, og der han sjølv hadde sett tonar til. Med som songar var og dotter hans Hildegunn Reigstad Vierli, kjent frå fleire TV-opptredenar og CD- innspelingar saman med søstera Ingelin.

Far og dotter framførte desse songane på ein varm og inderlig måte, og der bodskapen om Guds omsorg, nåde og den kristne vona kom klårt fram. Hildegunn sin ektemann Torjus Vierli deltok og med akkompagnement på trekkspel, piano og kyrkjeorgel.

Det var og ei fin oppleving å lytte til Haldis Reigstad som las frå sin rikhaldige diktsamling. Her skildra ho kvardagsopplevingar, og åndelige sanningar på ein enkel og gripande måte. Asle Reigstad, saman med Arve var med og ramma inn programmet med vakker musikk med kornett og piano.

Jo, det vart ein ettermiddag som gav temaet «min kvilestad» eit meiningsfullt innhald.


Arne Lindekleiv
 

 
 

Foto: Per Ølfarnes

Hit Counter