|
Sommarkonserten på Fjelberg har etterkvart vorte
tradisjon. Også denne sommaren, nærare bestemt St.
Hans dag 24.06.07, vil soknerådet i samarbeid med
organisten, arrangere ein ny konsert . Konserten vert
to- delt. Hovuddelen på ca 1 time, vert i
Fjelberg kyrkje, medan andre delen på ca 3/4 time,
vert i Prestegarden.
Aktørar vert fylgjande: Haldis og Asle Reigstad saman
med Anne Hilde og Arve Reigstad. Dei representerer
to generasjonar frå same familie, og dei er alle godt
kjende hos eit breidt publikum! Dei fyrstnemde
har gitt ut mange cd-ar med vokal og piano. Haldis
Reigstad er ei av dei aller mest lesne kristne
lyrikarane i Noreg i dag!
Ektemannen Asle er dyktig på trompeten!
Det vil bli ein pause på om lag ein
halv time mellom konsertdelane, der det vert høve til
å kjøpe kaffi og kaker i prestegarden. Vi trur
dei har mykje å gje, og gler oss difor over å kunne
ynskje velkomen til ei musikalsk kvilestund, slik
tema antyder.
Bill.pris:
Vaksne og barn over 15 år kr.150,-
Barn under 15 år gratis
Det vert sett opp skyssbåt etter konserten!
ML
|