Oppdatert/endra
28.01.2008



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Fjelberg prestegjeld
Startside

Lysglobe i Eid kyrkje

Vi har fått ein lysglobe i Eid kyrkje. Han vart teken i bruk helgemessesundag.

Lysgloben er rik på symbol. Han har eit stort lys i midten som fortel om Jesus som frelsar til verda. Lyset er omgitt av ein globe, eit bilete på jorda vi lever på. I ein sirkel rundt globen finn vi lysestakar. I lysestakane kan vi setja bønelys. Dei vert tent frå hovudlyset i midten. På toppen av globen finn vi ein tom kross. Den tomme krossen monner oss om Jesu død og oppstode for oss. Samstundes er han eit sigersteikn. Hans siger over Synden, Djevelen og Døden ska kunngjerast over heile jorda og kalla menneske til tru på Han. Globen fortel om misjon. I Fader vår finn vi bøna; Lat ditt rike koma. Sokkelen til globen er laga som ein sirkel. Sirkelen er eit symbol på æva og minner oss om Gud som er trufast. Han står ved sine lovnader. "Han sviker ei, svikter meg ei" som det står i songen.

Lysgloben er i seg sjølv eit verdfullt inventar i kyrkja og kan brukast i samband med bøn. Lyset i midten skal vera tent i samband med gudsteneste og andre samlingar i kyrkja. Lysestakane i sirkelen rundt globen er lause. Dei kan verta tekne ut av globekransen og brukt i prosesjon.

T.N