Oppdatert/endra
28.01.2008



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Fjelberg prestegjeld
Startside

Bibelvandring for 6.klassingane
 i Fjelberg prestegjeld

 


Bibelvandring er eit opplegg som Bibelselskapet står bak for å gi oss betre kunnskap om Bibelen.

Dei har utdanna kurshaldarar til denne oppgåva. Barne- og ungomsarbeidar i Husnes prestegjeld, Jan Ove Fagerheim, er ein av dei.

Han hadde bibelvandring for 28 6.klassingar i Fjelberg prestegjeld i september i skuletida på Tofte- og Sætre skule. Dei frå Hauge skule var med på Sætre. Dei hadde 2 timar i Det gamle testamente og 2 i Det nye testmente. Opplegget går inn som ein del av Krl-undervisninga i skulen.

Bibelvandringa nyttar ein spesiell undervisningsmetode. Kurshaldaren tek fram viktige forteljingar i Bibelen som han gjer levande for barna. Dinest følgjer eit teikn som høyrer forteljinga til saman med eit nøkkelord. Barna gjer teikn og nøkkelord saman med kurshaldaren. Teikna saman med nøkkelorda hjelper dei til å hugse forteljinga. Når alle foreljingane er vist i rekkefølge med kvart sitt teikn og nøkkelord, har dei lært den store forteljinga Bibelen handlar om.

I samband med bibelvandringa vart barna innbudt til familiegudsteneste- anten i Eid- eller i Fjelberg kyrkje.
Ho var etter bibelvandringa. Her fekk dei ein Bibel.

Eg trur vandringa gjennom Bibel-opplegget gir mykje til barna som er med. Jan Ove Fagerheim var ein dyktig kurshaldar.

Terje Nag