Ordning for
fastsetjing av
gravferdstidspunkt
Frå 1. september vert det for prestegjelda i Kvinnherad innført ny
ordning når det gjeld innmelding av dødsfall og avtale om gravferd og
gravferdstidspunkt. Fram til no har det vore vanleg at pårørande
og/eller gravferdsbyrå har teke kontakt med og gjort slik avtale med
presten.
Den nye ordninga inneber at slik avtale no skal gjerast med Kyrkjeleg
Fellesråd ved Kyrkjeverjekontoret! Dette inneber at melding og avtale
kan gjerast på vanlege vekedagar i kontortida. Dødsfall som skjer mellom
fredag ettermiddag og måndag morgon vert meldt inn måndag morgon.
I gravferdslova heiter det at Kyrkjeleg Fellesråd har ansvar for
fastsetjing av tidspunkt for den einskilde gravlegging. I Kvinnherad har
ein likevel fram til no hatt ei ordning der ein ved dødsfall har hatt
høve til å gjera slik avtale med presten. Den nye beredskapsordninga for
prestane gjer at ein no ikkje kan forventa å få kontakt med den lokale
presten utanom vanleg tenestetid. Samstundes er det kyrkjeverjekontoret
som har best oversyn over kva kyrkjelege tenestefolk som er til rådvelde
for dei ulike oppgåver.
Det er og fastsett ordningar for kva dagar som gravferda skal leggjast
til i høve til tidspunkt for dødsfall. Gravferdslova fastsett og at
gravferd skal skje seinast 8 dagar etter dødsfall.
Sjølv om det no vert innført ny ordning når det gjeld fastsetjing av
tidspunkt for gravlegging så er det framleis presten som vert kontakta
for medlemmer i Den Norske kyrkja, med tanke på samtale og førebuing av
gravferd.