Oppdatert/endra
28.01.2008


Fleire artiklar...
Til Fjelberg prestegjeld
Startside

Fjelbergstemnet for
Misjonsalliansen 2. pinsedag

Fjelbergstemnet for Misjonsalliansen vart også i år skipa til i Fjelberg kyrkje 2. pinsedag, 9. juni. Stemnet tok til med gudsteneste. Sokneprest Terje Nag foretta, og Hans Tore Leithe, spesialrådgjevar i Misjonsalliansen, tala.

Etter gudstenesta var det tid til drøs på kyrkjebakken og høve til å kjøpa rømmegraut, kaffe, kaker og brus i Fjelberg prestegård før møtet om ettermiddagen. Leiaren Sigrid Nag og nokre andre frå kristenrussen i Nord-Rogaland deltok. Ho fortalde om kristenrussen si innsamling til eit skuleprosjekt i Ecuador og om turen ho hadde dit for å sjå kva pengane skal brukast til.

Frå Stavanger kom ein mannskvartett som vart leia av Bjarte Lending. Dei deltok med song og musikk. Også i år var det Hans Olav Tungesvik som leia ettermiddagsmøtet. Her var det høve til å gje ei gåve til Misjonsalliansen sitt arbeid.

Nytt på stemnet i år var aktivitetar for borna om ettermiddagen, leia av Bjarnhild Sjo og Åslaug Leiknes Nag.

Fjelbergstemnet har sin bakgrunn i at grunnleggjaren av Misjonsalliansen, Lækjaren Ludvig Eriksen fekk sitt andelege gjennombrot og fann si livsoppgåve på Fjelberg då han vitja presten der i 1887. Det førte til at han reiste til Kina som misjonær og stifta Misjonsalliansen i 1901. Misjonsalliansen er kjend for sitt arbeid for fattige og sjuke born og for sitt fjernadopsjonsprogram.

Fjelberg sokneråd

OPP